Med grønt lys i kommunen sitt investeringsbudsjett for 2020 og i samsvar med Utviklingsplanen for Volda Sentrum (Gehl 2015) er det no laga ein presentasjon for moglege tiltak og prosjekt i Volda sentrum.
Miljøgate i Hamnekvartalet
Eitt av prosjekta som peikar seg ut er utviklinga av miljøgate i området Hamnekvartalet, ei strekning på om lag 200 meter. Dette tiltaket inneberer ei ferdigstilling av hamnepromenade langs kaia, avgrensing av trafikkareal og tilrettelegging for langsgåande parkering i sjølve gata.
Det er vektlagt ei kvalitetheving av miljøet utanfor butikkane ved å leggje nytt dekke, nye kantavgrensingar og ordne med bortleidning av overvatn.
Vidare er det også fokusert på tiltak om å plassere benkar, sykkelstativ og boskasser rundt om, samt å plante trær og hengje opp blomar for å pryde området. I tillegg vil det vere viktig å sjå på fleire tiltak for trafikktrygging, og mykje meir.
Fjordportal
Eit anna tiltak er ein fjordportal på moloen i sentrumshamna, med ein utsiktspir som ledar mot ei fyrlykt, med benkar langsmed slik at ein kan sitje i le for vinden.
Volda kommune kan få overta ei eldre fyrlykt frå Dalsfjord fyrmuseum, og i fjordportalen er det tenkt at informasjon om fyrvesenet og fyrmuseet i Dalsfjord skal presenterast.
Friluftslivsområdet Andaneset
Det er også nemnt tiltak om å utvikle friluftslivsområdet på Andeneset, med blant anna fiske- og badebrygge og rehabilitering av badehus.
Det er stilt spørsmål om det kan vere aktuelt å etablere ei kyststi mellom Volda sentrum og Andaneset. Til dette prosjektet er det søkt midler frå miljødirektoratet.
Båtbyggeprosjekt i sentrum
For å sette fokus på kystkultur som eit element i sentrumsutviklinga, er det også snakk om eit spennande prosjekt om trebåtbygging i Volda sentrum.
Dette prosjektet kan bidra til å ivareta båtbyggartradisjonane og handtverksfaget ved å bygge ei tradisjonsbåt som til dømes "møringsbåt". Sjølv om båtbygging er ei aktivitet knytt til Bjørkedalen og nokre andre bygder, er det eit prosjekt som kan vere interessant for mange.
Det vil verte søkt om løyvingar til kvart einskilde tiltak, frå fylkeskommunen si ordning «tettstadsprogrammet». På den måten vil dei kommunale kronene rekke til mest mogleg.
Her er ei kort oppsummering av tiltaka som er presentert:
- Miljøgate – Hamnekvartalet – hamnepromenade (byggesteg !)
- Fjordportal, fyrlykt på moloen
- Forprosjekt trebåtbygging/toalettanlegg/driftsbygning for hamna
- Gjestebrygge i sentrum
- Kjøp av benkar, planteamplar og planteurner til sentrum