Signering av kontrakt for utbygging av Øvre Heltne
Kjetil Årøen, Volda kommune
Volda kommune har signert kontrakt med Aurevoll og Furesund AS på utbygging av byggefelt B58 Øvre Heltne.
Etter nyttår startar kommunen utbygginga av Øvre Heltne der det skal kome 26 bustadtomter og 4 tomter for konsentrert utbygging.
Kontrakta gjeld tilkomstveg og teknisk anlegg til 5 tomter for einebustadar, ei tomt for fleirmannsbustader og eit leikerareal. I tillegg skal delar av Bjørnevegen med teknisk anlegg oppgraderast for framtidig utbygging i området.
Anleggsstart i midten av januar og planlagt ferdigdato er 31. august.
Publisert 17.12.2022 10:45
Sist endra 17.12.2022 10:45