Sikkerheitskurs i Hornindal

Sikkerheitskurs i Hornindal

Hornindal frivilligsentral arrangerte sikkerhetskurs for ungdomstrinnet ved Hornindal skule nest siste skuledag før ferien. 

Elevar sit og høyrer på instruktør frå Redningsselskapet - Klikk for stort bilete Kristine Sofie ORheim Hansen

Elevane ved ungdomstrinnet i Hornindal går ein tryggare badesesong i møte, seier Kristine Sofie som er leiar i Hornindal Frivilligsentral.

Det er ikkje ofte det kvitar på Hornindalsvatnet, men denne dagen var det sterk vind og mykje regn, so dei om lag 45 elevane fekk ei svært so realistisk øving i vatnet. Det to og ein halv time lange kurset var leia av to instruktørar frå Redningsselskapet, som med stødig hand ga elevane opplæring i blant anna hjarte- og lungeredning, livbøyekasting, sjølvberging og kameratredning i vatn. 

Redningsselskapet har utvikla eit samarbeidsprogram kalla RS Trygg i vann, der dei tilbyr kommunane nettopp slike kurs, primært for niande klasse. Målsettinga med kurset er å spreie kunnskap om sikker ferdsel på, ved og i vatn for å redusere dei høge drukningstala vi har i Norge. Kurset møter dei nye kompetansemåla som er sett for ungdomsskulen, og Redningsselskapet håpar på sikt å få etablert eit samarbeid med alle kommunar om dette programmet. Dei har per i dag heldt kurset for om lag 20.000 ungdomar.

Etter at Hornindal Frivilligsentral tok kontakt med Redningsselskapet med ønske om å innføre sikkerhetskultur blant ungdomane i Hornindal, skreddarsydde dei eit opplegg for heile ungdomstrinnet, og stilte opp på kort varsel. Dagleg leiar på Hornindal frivilligsentral er svært takksam for det gode samarbeidet med skulen, som ikkje stussa med å få plass til dette i timeplanen heilt på tampen av året. 

— Som dagleg leiar på frivilligsentralen, og ansvarleg for BUA Hornindal, kjenner eg meg tryggare på å låne ut vass-sportsutstyr til ungdomen etter at dei har vore gjennom dette kurset. Det er alltid ein viss risiko med å ferdast på vatn, og no håpar eg dei forstår kor viktig det er å ta førehandsreglar, som det å bruke naudsynt flyteutstyr. Eg tenkjer vi går ein litt tryggare badesesong i møte, med viten om at ungdomen i bygda er blitt betre på både risikovurdering og ulykkeshandtering, fortel Kristine Sofie Orheim Hansen.

Elevar med våtdrakt og livvest som høyrer på instruktør frå Redningsselskapet - Klikk for stort bilete Kristine Sofie Orvik Hansen