Siste dag med vaksinering i Voldahallen 03.03.22

Siste dag med vaksinering i Voldahallen 03.03.22

Bilete av vaksineteamet i Voldahallen - Klikk for stort bileteVaksineteamet i Voldahallen

Torsdag 3. mars, kl 15.00-17.00 er det igjen vaksinedag i Volda. Dette er siste dag med vaksinering i Voldahallen. Det vert vaksinering av både dei med avtale og dei som kjem utan avtale.

FLYTTING AV VAKSINASJONSLOKALE I VOLDA  07.03.22

Volda kommune har hatt koronavaksinering kvar veke i Voldahallen sidan 1. mai 2021. Ein stor del av voldingane er no ferdigvaksinert og behovet for vaksine har vorte mindre. 

Frå den 7. mars vert vaksinasjonslokalet på Volda helsestasjon, Stormyra 2, i kjellaren på Volda rådhus. Vi held fram med vaksinering på torsdagar, men det vert berre 1-2 gongar per månad. Tidspunkt vert frå kl 16.30 – 17.30 (18.30 dersom mange møter.) Drop – in er også mogleg då.

Timebestilling og spørsmål vil halde fram på vaksinetlelefonen: 70058965.

Vi vil no kun kalle inn dei som tidlegare har utsett timen sin via Helsenorge.no. Alle andre må ta kontakt sjølv for vaksine. Grunnvaksinering mot Coronasjukdom er 2 vaksinedoser, 3.dose er oppfriskingsdose som kan takast 20 veker etter 2. dose.

PCR – testar er tilgjengeleg i alle bygder – i Hornindal ved Smia og Helsehuset, Lauvstad – på Coop Lauvstad, Folkestad – på Folkestadtun,  i sentrum av Volda – Rådhuset og Cirkle-K.  Desse kan leverast i eiga kasse ved inngangen til Volda samfunnshus eller på teststasjonen.

Heimetestar/hurtigtestar vert delt ut ved Samfunnshuset i sentrum onsdagar kl.15.30 – 17.00.  Elles er hurtigtestar å få kjøpt på enkelte butikkar og bensinstasjonar.

Informasjon om Koronasertifikat finn ein på fhi.no/

 

Vaksinasjonsteamet i Volda