Sjølvtestar for koronavirus

Sjølvtestar for koronavirus

Positiv hurtigtest for Covid-19 med to strek. - Klikk for stort bilete Volda kommune

I Volda kommune kan dei som er i høgrisikogruppa hente hurtigtestar ved Søre Sunnmøre Legevakt, ved servicekontoret på rådhuset, ved Volda legesenter eller ved Hornindal legekontor. Ein treng ikkje å vere sjuk for å hente testane – tanken er at ein kan ha dei i beredskap.

Har du høg risiko for alvorleg utfall av covid-19-sjukdom, bør du teste deg om du får symptom. Det gjer det mogleg å kunne kome raskt i gang med behandling. 

Ny anbefaling frå helsedirektoratet

Helsedirektoratet anbefaler at personar med høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom ved Covid 19* får tilbod om behandling med legemiddelet Paxlovid. Behandling med Paxlovid kan dempe sjukdomsutvikling hos denne gruppa. Behandling med Paxlovid bør starte så tidleg som mogleg. Helsedirektoratet anbefaler derfor at personar som har høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom testar seg sjølve kvar dag i inntil fire dagar dersom dei får luftvegssymptom. Ved positivt resultat eller forverring av symptom bør ein oppsøke lege raskt, sjå informasjon på helsenorge.no.

Positivt svar på testen?

Viss du er i risikogruppene og får eit testsvar som viser at du har covid-19: Ring legekontoret ditt og spør om behandling. Dersom legekontoret er stengt, kan du ringe legevakta på tlf. 116 117. 

 

*Personar med høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom ved Covid 19:

Aktiv kreftsjukdom eller pågåande/nyleg behandling mot dette, alvorleg lungesjukdom, alvorleg hjarte-/karsjukdom, dårleg regulert diabetes, alvorleg overvekt med KMI >35, kronisk nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg funksjonsnedsetting, langtkomen demens, alvorleg psykisk sjuke, Downs syndrom, alvorleg immunsvekka (td behandling med B-celle-depleterande terapi siste 12 månader (td. rituximab, okrelizumab, ofatumumab) i kombinasjon med andre risikofaktorar, pasientar med hematologisk malignitet/lymfom på aktiv behandling, beinmargstransplanterte i løpet av siste 24 måneder, beinmargstransplanterte med kronisk GvHD/immunsuppresjon, alvorlege kombinerte immundefekter, HIV og CD4-tall <50 celler/µL).