Skjerpar råda om eigenberedskap

Skjerpar råda om eigenberedskap

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap / DSB rår til at så mange som mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke under kriser. 

DSB rår til at så mange som mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke under kriser. Dette er fordi kommunar, naudetatar og frivillige organisasjonar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp.

Du kan lese meir om dei nye råda på nettsida sikkerhverdag.no.

– Råda har denne vinteren vore ute på ei brei høyring blant styresmakter og organisasjonar. Det har vore solid støtte for innhaldet i dei nye råda, fortel Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

Formålet med råda er å hjelpe folk å dekke dei mest grunnleggjande behova under ei krise, som varme og lys, mat og vatn, informasjon og medisinar, og hygiene.

Dette er dei største endringane samanlikna med egenberedskapsråda som kom ut i 2018:

  • Anbefalt lengd på eigenberedskapen aukar frå minst tre dagar til éi veke.
  • Det har kome meir detaljerte råd om tema som kritisk medieforståing og opphaldsstader under kriser.
  • Nokre heilt nye tema: felles eigenberedskap og psykisk helse under kriser.


Bakgrunnen for råda

«Vi står overfor ein varig, forverra sikkerheitspolitisk situasjon i vår del av verda», sa statsminister Jonas Gahr Støre tidlegare i år. I fjor tilrådde også Totalberedskapskommisjonen å styrke råda om eigenberedskap.

– I tillegg til den endra sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa, ser vi at klimaendringane fører til stadig meir ekstremvêr som rammar oss i Noreg. 

Digitalisering, elektrifisering og kunstig intelligens fører til nye moglegheiter, men også til nye sårbarheiter.

– Om vi vert ramma av ein krise som råkar mange menneske – og gjer at viktige tenester ikkje fungerer som normalt – kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Difor er det viktig at så mange som mogleg er i stand til å ta vare på seg sjølve og dei rundt seg under kriser, seier Elisabeth Aarsæther.

Du kan også lese meir på nettsidene til DSB | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Eigenberedskap for ei veke

Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir vekk over lengre tid? Kva gjer du om vatnet forsvinn? Kva om du ikkje kan handle på ei veke? Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike hendingar.

Norske styresmakter rår til at så mange som mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Dette er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ein krisesituasjon.

Tenk felles eigenberedskap

Bur du slik til at det er vanskeleg å ha eigenberedskap for ei heil veke, kan samarbeid og fellesskap vere ein stor ressurs i kriser. Du kan samarbeide med dei i borettslaget ditt eller familie og venar.

 Les meir på sikkerhverdag.no

Sjekkliste for eigenberedskap:

- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker (20 liter per person)
- Mat som held seg ved romtemperatur
- Grill, kokeapparat eller primus
- Varme klede, tepper, dyner og soveposar
- Tennstikker og stearinlys
- Ved om du har vedovn eller peis
- Gass- eller parafinomn som er tiltenkt for innandørs bruk kan vere eit alternativ til vedfyring
- Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming
- Lommelykter eller hovudlykter som fungerer på batteri, sveiv eller solceller
- DAB-radio som fungerer på batteri, sveiv eller solceller
- Medisinar og førstehjelpsutstyr
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande)
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir og menstruasjonsprodukt
- Batteri og lada batteribank
- Litt kontantar og fleire betalingskort
- Mat og vatn til kjæledyr
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar