Skuleklasse frå Volda skal delta på UNG UTOPI

Skuleklasse frå Volda skal delta på UNG UTOPI

Klasse 6A på Øyra skule er trekt ut som ei av 11 klasser i landet til å delta på UngUtopi hausten 2024.

Fargerikt moderne skulebygg med namnet Øyra skule - Klikk for stort bilete

– Etter loddtrekning så er klasse 6A så heldig og får lov til å vere med på noko som heiter UngUtopi 2024 i Oslo, sender sektor oppvekst gladmelding om.

Det er 11 klasse i heile landet som får vere med. I tilegg til reise til Oslo i september, så skal klassa gjere ein heil del forarbeid gjennom året no, i tillegg til etterarbeid og presentasjon til kommunestyret etterpå.


Ung utopi er eit samarbeidsprosjekt mellom KLP, Munchmuseet, Deichman, Den Norske Opera & Ballett, Nord Universitet og Nord Universitet/Bodø kulturhovedstad 2024.

I Ung Utopi skal 11 sjuandeklasser frå heile landet møtast i Oslo 22.- 24. september 2024 for ei oppleving utanom det vanlege. Her skal klassene bli samla  for å styrke stemmene deira i refleksjon om kva slags lokalsamfunn dei ønskjer seg i framtida, og kva dei sjølve kan gjere for å skape det.

Gjennom møte med andre unge frå heile landet og inspirert av kunst og kulturopplevingar på Deichmann, Munchmuseet og Operaen, vil ein legge til rette for at deltakarane får nye erfaringar, impulsar og perspektiv. Dette vil dei ta med seg inn i eit felles Utopiverkstad. Der skal dei diskutera kva dei meiner er viktige verdiar for framtidas lokalsamfunn, og korleis dei kan bidra til å styrke desse verdiane i sine lokalsamfunn.

Resultata skal dei ta med seg heim, vidareutvikle - og dele med sine lokale folkevalde.

Kva er bakgrunnen for dette prosjektet? 

Ein verden med stadig meir krig og uro og mindre demokrati, klima- og naturkrise, lokalsamfunn med ein krevjande demografiutvikling med eksplosjon av eldre pleietrengande og samtidig fall i tal på yrkesaktive. Lokalsamfunnsutvikling her i landet framover vil krevje utvikling og testing av heilt nye verkemiddel og politikk, noko som ikkje nødvendigvis handlar om auka ressursar, men om eit breitt ordskifte og praktisk utprøving av nye typar verkemiddel. Det er eit stort behov for nyskaping. Det å ha lokal identitet er viktig for folks trivsel og kan virke mobiliserande på lokalt engasjement. (jamfør NOU 15 2020 det handlar om Noreg, KS Partnerskap for radikal innovasjon)

I 2021 gjennomførte Nord Universitet, KS og KLP utopiverksteder i samarbeid med sju norske kommunar. 

Utopiverksteder er ein metode for deltakande samfunnsutvikling for både å utvikle spennande prosjekt og ikkje minst for å utvikle meiningsfulle relasjonar mellom menneske som er sjølve livsnerven i alle lokalsamfunn. Verkstadane i 2021 resulterte i ei rapport som seier noko om kva som kjenneteiknar gode liv der ein bur og kva som skal til for å vekka engasjement for lokalsamfunnsutvikling.

Framtidstrua fell blant unge under 30 år – og stadig fleire unge fell utanfor jobb og utdanning, noko som forsterkar den krevjande demografiutviklinga.

 - Vi har alt å vinne på dei unge si deltaking i samfunnet, og ungt utanforskap er eit av dei viktigaste satsingsområda for kommunane framover (KS Partnerskap for radikal innovasjon). Derfor ynskjer vi å styrke utopiverkstadrapporten med stemmen til dei unge, seier partnarane i samarbeidsprosjektet.

 - Dei store samfunnsutfordringane som ligg føre for oss kan ingen kommune eller institusjon løyse åleine, samarbeid mellom ulike aktørar og forvaltningsnivå er viktig. Ung utopi er eit samarbeidsprosjekt mellom KLP, Munchmuseet, Deichman, Den Norske Opera & Ballett, Nord Universitet og Bodø kulturhovudstad 2024. For alle desse verksemdene står samfunnsoppdraga tydeleg og sterkt.

 - Vi skal gjennom prosjektet gi dei unge ei tydelegare stemme, hjelpe dei til å formulere sin visjon for sitt lokalsamfunn, og gi dei mot til å ta konkrete grep og skape handling.