Snart kjem fyrlykta på plass

Snart kjem fyrlykta på plass

Gravemaskin på moloen - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø På moloen i Volda sentrum får vi kanskje på plass fyrlykta frå Dalsfjord fyrmuseum til jul.  

Arbeidet med bygging av fjordportal og fyrlykt på moloen i Volda sentrum er i gang.

Den gamle fyrlykta som kommunen får låne hjå Dalsfjord fyrmuseum har vore til restaurering. No er den straks klar til å reise vidare for å og pynte opp på moloen i Volda sentrum.

Kystverket har opna for at ho kan nyttast som ordinært sjømerke og at det såleis kan monterast lys med sektorar og det som høyrer med.

Lykta skal festast på ein 40 cm høg sokkel som er utforma slik at ein kan sitje ned og ta ei kvild medan ein observerer livet på fjorden og i hamna. Vi trur at ho kjem til å verte eit fint landemerke og samlingspunkt i sentrum.

Dette tiltaket i sentrumsprosjektet er finansiert med tettstadmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda næringsforum og Volda kommune. Planlegging og prosjektering er utført av Nordplan AS og Entreprenør er Ulstein Entreprenør AS.

Tidlegare artiklar om fjordportalen og fyrlykta:

Fjordportal og fyrlykt på moloen ved Volda hamn.

Den gamle fyrlykta frå Dalsfjord fyrmuseum er til restaurering.

Kontakt

Torgeir Stensø
prosjektleiar/rådgjevar
E-post
Telefon 70 05 87 55
Mobil 41 48 72 43