Sommarope på Anders Svor-museet

Sommarope på Anders Svor-museet

Etter forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett mellom SV og regjeringa vart det 17. juni klart at Stiftinga Viti fekk tildelt to millionar kroner til Anders Svor-museet i Hornindal, og vi kan endeleg opne museet for sommaren melder stiftinga Viti i ei pressemelding.

Dette vart feira med ope hus og gratis inngang fredag 28. juni kl 12–14.

Etter forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett mellom SV og regjeringa vart det 17.juni klart at Stiftinga Viti fekk tildelt to millionar kroner til Anders Svor-museet i Hornindal.
– Vi er kjempeglade og takksame for desse midlane. No kan vi endeleg opne museet for sommaren, og vi ønskjer alle velkomne til å besøke museet i vekene framover, seier fagdirektør for kunstavdelinga i Viti, Benedikte Holen.

 

Ope museum onsdag - laurdag

I første omgang vert museet ope fire dagar i veka mellom 4. juli - 17. august:
Onsdag, torsdag, fredag, laurdag kl. 11 – 16 NB! Det kan kome endringar i opningstidene.



Anders Svor-museet ligg vakkert til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein nydeleg skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864–1929). Museet har ei samling på nærare 600 objekt, og den faste utstillinga gir eit unikt innblikk i Anders Svor sine arbeidsmetodar, motiv, typologi og stilutvikling, frå ein detaljert naturalisme via klassisisme til symbolisme.


Kontaktinfo for stiftinga Viti: 
Turi Hoem. turi@vitimusea.no / 92 44 97 49