2. påskedag var siste dag for Stikk UT! vinter. No er det nokre dagar pause før sommarsesongen startar 1. mai. Med 328 flotte turmål i kommunane på Sunnmøre ligg det an til å bli eit godt år for friluftslivets år 2025.
I løpet av veka vil årets Stikk UT!-kart kome i postkassa til alle husstandar på Sunnmøre, melder Sunnmøre friluftsråd.
I tillegg til Stikk UT!-turmåla har vi også samla ei oversikt (det som er bestemt så langt) over andre arrangement og turar i friluftslivets år. Det er berre å lade turskoa og gjere seg klar for ein aktiv sommar, skriv friluftsrådet.
StikkUT!
https://friluftsraadet.no/