Kart
Arbeidet vil gå føre seg mellom kl. 08.00 og 14.30. I denne perioden kan vatnet bli noko misfarga. Vi ber difor om at de ikkje vaskar klede eller nyttar varmtvatn medan spylinga pågår. Dersom vatnet framleis er misfarga etter kl. 14.30, ber vi dykk opne kaldvasskrana og la vatnet renne til det blir klart att.
Det blir dagleg sendt ut varsel på SMS til dei som er registrert med adresse i området som blir spylt. Dersom du til dømes har leigebuarar som ikkje har meldt flytting, vil ikkje desse få varsel på SMS. Du må sjølv varsle dei.
Med helsing
Volda kommune
Avdeling vatn og avløp