Står bilen din til hinder for snøbrøyting?

Står bilen din til hinder for snøbrøyting?

Avdeling veg/park i kommunen kjem med ei oppmoding i høve snøfall. 
Parker bilen din slik at den står lovleg parkert, og slik at den ikkje er til hinder for brøytemannskapane.

Innesnødde bilar - Klikk for stort bileteillustrasjonsfoto: Innesnødde bilar Pixabay

Etter eit snøfall står det ofte mange bilar nedsnødd og innebrøyta på siden av vegane.  Det er viktig at bileigarane sørger for at det er god framkomst for brøytemannskap, brann, politi og ambulanse når ein parkerer.

Dersom bilen din står til hinder for snøbrøyting, og dermed også til hinder for naudetatane (brann, politi og ambulanse), kan den bli fjerna for eigar si rekning.  Dersom køyretøy som er til hinder, ikkje blir flytta raskt, vil kommune be politiet om å fjerne køyretøyet på eigar si rekning, jf. vegrafikklova § 37.

 

Har du spørsmål knytt til brøyting av kommunale vegar? 

Det er avdeling veg/park og eksterne entreprenørar kommunen har avtale med, som brøyter.  Du kan ringe sentralbordet på tlf. 70 05 87 00 mellom kl. 10 - 14 på kvardagar. Utanom desse tidene kan du ringe vakttelefonen for teknisk vakt på tlf. 90 17 80 08.

Vinterdrift / brøyting av veg /strøing