Statsbudsjettet 2021 - Kommunesektoren

Statsbudsjettet 2021 - Kommunesektoren

 

I samband med at regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett i dag, har kommunedirektør Rune Sjurgard fått spørsmål frå fleire mediekanalar. Han har difor lagt fram ei orientering om inntektsutviklinga for kommunesektoren ut i frå det nye statsbudsjettet for 2021. 

Vekst i frie inntekter

Det er den reelle veksten i frie inntekter som er interessant for å sjå den økonomiske utviklinga for kommunane. Frie inntekter er skatteinntekter og rammoverføring frå staten gjennom inntektssystemet.Dette er om lag som venta i kommuneproposisjonen. Handlingsrommet er om lag det same som vart presentert i statsbudsjettet i fjor haust for 2020 og om lag 1/3 del av veksten i frie inntekter for 2019. I tråd med signala i tidlegare statsbudsjett og perspektivmeldinga er det ein nedgang i veksten i frie inntekter.

Statsbudsjettet 2021 - Kommunesektoren
Vekst i frie inntekter Sum
Vekst i frie inntekter kommunane (ekskl fylkeskommunane) 1,6 mrd
Demografiutgifter som må dekkjast innanfor veksten i frie inntekter - 1,1 mrd
Satsing på barn/unge si psykiske helse - 0,1 mrd
Vekst = 0,4 mrd

 

Veksten vert oppeten av:

  • Underliggjande vekst i utgiftene til barnevern, sosialhjelp og omsorgstenestene som samla sett er høgare enn veksten i inntektene. KS har sett ut eit forskingsoppdrag for å finne årsakene til den høge veksten i utgiftene til omsorg. Frå 2017 – 2018 vart det gjort ei kartlegging som viste at veksten i omsorgstenestene samla for kommunane i landet utgjorde 8 %.
  • Underfinansierte reformer. Mellom anna er kostnadene ned bemanningsnormen i barnehagane ikkje dekt opp, og KS har gitt eit anslag på at denne vil koste ca 1 mrd ved full årsverknad.

Skatteanslaget tek utgangspunkt i nivået for 2019 med ei framskriving i tråd med stipulert sysselsettings- og årslønsvekst. Dette byggjer blant anna på at ein sysselsettingsvekst på 0,6 % og ein årslønsvekst på 2,2 % frå 2020 til 2021. Samla sett vil dette vere basert på usikkerheit. Dette er noko kommunane må vere klar over når veksten i frie inntekter i hovudsak er basert på usikkert grunnlag for påslag i skatteanslaget.

Omstilling og effektivisering

  • «betre organisering av tenestene kan frigjere midlar som vil styrke handlingsrommet ut over veksten i frie inntekter»

Ei generell utfordring for kommunesektoren er at regjeringa opplyser at det er handlingsrom for å styrke det kommunale tenestetilbodet. Kommunane opplever det omvendte som følgje av redusert vekst i inntektene og auke utgifter i velferdstenestene som ikkje er kompensert. Mange kommunar er i gang med å kutte for å balansere drifta og får redusert handlingsrom til å drive samfunnsutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling. Dette vert særleg viktig i ein situasjon der dei fleste kommunar som følgje av koronasituasjonen opplever at aktiviteten i næringslivet er redusert. Mange distriktskommunar opplever samtidig ei utvikling med fleire eldre og nedgang i folketalet.

Koronasituasjonen har ført til at situasjonen vert svært usikker. Beredsskapsarbeidet og endringstiltak knytt til korona set andre tiltak på vent, og det går seg også utover kapasiteten til å gjennomføre endrings- og effektiviseringsprosessar. Smitteverntiltaka med avgrensing i antal som kan møtast forvanskar også slike prosessar. 

Volda kommune

Volda kommune får ein vekst på 4,4 % i frie inntekter. Gjennomsnittet for kommunane i landet er ein vekst på 3 %. For Volda inneber dette 12,7 million i auke i høve til framskrive budsjett for frie inntekter i 2020. Volda sin vekst er knytt til anslått skattevekst og inntektsutjamning i høve til landsgjennomsnittet. Ettersom skatteanslaget byggjer på nivået for 2019 korrigert for stipulert sysselsettings- og lønsvekst, så er det basert på usikkerheit. Koronasituasjonen har medført redusert aktivitet i næringslivet og reduserte skatteinntekter. I september månad var skatteinntektene for Volda kommune 4 millionar lågare enn det vi hadde budsjettert. Det vert kompensert for skattesvikt i 2020, men dette vil vere eit eingongstiltak. Dersom koronasituasjonen får langtidsverknad med reduserte skatteinntekter i åra framover, så har vi ikkje nokon garanti for at dette vert kompensert vidare.

Kompensasjon med Covid 19

Det er lagt inn eit tillegg i frie inntekter på 1 926 mill (1,9 mrd) til kommunesektoren for å kompensere for reelle skattesvikten gjennom 2020 utover det som automatisk vert kompensert ved at kostnadsveksten også vert lågare.

I løpet av november legg regjeringa fram eit tilleggsnummer til Prop 1 S (2020 – 21) med førebelse anslag for meirutgifter og mindreinntekter for kommunesektoren for 2021, med tilhøyrande bevilgningsforslag. 

Regjeringa vil følgje utviklinga nøye. I løpet av våren 2021 vil blant anna skatteinngangen i 2020 vere kjent, og arbeidsgruppa som skal vurdere dei økonomiske konsekvensane som koronautbrotet har hatt for kommunesektoren, har lagt farm sin endelege rapport, som har frist 1.april 2021. Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2021 og kommuneproposisjonen 2022 leggje fram ei analyse av dei samla økonomiske konsekvensane for kommunesektoren.

Det er svært viktig at kommunane vert kompensert fullt ut for meirutgiftene og tapte inntekter knytt til koronasituasjonen. Så lenge staten berre viser til pågåande arbeid og analyser, og skal kome attende til dette utan å gi garanti for full kompensasjon, så ligg dette som ei stor usikkerheit for kommunesektoren.

Her kan du lese meir om Statsbudsjettet 2021 (regjeringen.no).