Statusoppdatering om koronasituasjonen 29.11.21 kl 14:30
Volda kommune fekk i dag 29.11. melding om 4 nye smittetilfeller med covid-19.
Ein har ukjend smitteveg, og har vore på Jugendfest i Ålesund i helga. Ein er smitta i husstanden. To er nærkontakter, og har vore på Nytt livs senter i Ørsta 21.11. Ein var fullvaksinert, dei andre uvaksinerte.
Minner om at alle som har tatt ein positiv heimetest eller får symptom etter at ein har vore i nærkontakt med ein smitta må ta kontakt med koronatelefonen og ta ein PCR-test.
Kommunen minner om at alle som har vore på Nytt liv senter 21.11. bør ta ein ny koronatest på teststasjonen dersom dei har eller får symptom. Har du vage symptom eller er i tvil om du har symptom, bør du også ta ein ny test.
Publisert 29.11.2021 14:41
Sist endra 29.11.2021 14:41