F.v.: Lise Ulstein, Solveig Storeide og Sølvi Dimmen på Stikk UT!-tur.
Volda kommune
Frå 1. mai til 31. oktober inviterer Volda kommune, i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd, til 27 varierte turar i heile kommunen – inkludert tre nye turmål. Du treng ikkje gå langt eller velje krevjande ruter, det viktigaste er å kome seg ut. Stikk UT! byggjer nettopp på denne tanken: Alle turar tel, uansett lengd og tempo.
Forsking viser at jamn fysisk aktivitet ute i naturen har stor verdi for både kropp og sinn. Når vi kjem oss ut på tur, får vi meir overskot, betre helse og ei kjensle av velvære i kvardagen. Med Stikk UT! blir det enklare å ta steget ut.
Korleis delta på Stikk UT!
Last ned Stikk UT!-appen (frå App Store eller Google Play), opprett profil, og du er klar for tur.
Alle turmåla ligg i appen med kart, bilete, turskildring og informasjon om kor du kan parkere før du startar. Turane har ulike vanskegrader, frå lett til krevjande.
Alle Stikk UT!-turmåla har unike kodar som er festa på ei kodeplate ved turmålet. Koden blir automatisk registrert i Stikk UT!-appen, eller du kan sjølv registrere koden når du kjem fram til turmålet.
Det er gratis å delta for privatpersonar.
Stikk UT! Saman – friluftsglede i lag
Turar er endå betre når vi går i lag. Ta med deg kjærasten, barneborna, ein kollega, ein nabo eller gå saman med nokon du aldri har gått tur med før. Det viktigaste er ikkje lengda på turen, men at ein deler opplevinga.
Å vere i bevegelse i naturen gjer godt for både kropp og sinn. Når vi gjer det i lag, styrkar vi både fellesskapet og trivselen.
Stikk UT! Bedrift
Fellesskap, folkehelse og friluftsglede på arbeidsplassen.
Bedrifter og organisasjonar kan delta på Stikk UT! Bedrift og leggje opp til interne konkurransar.
Når ei verksemd deltek i Stikk UT! Bedrift, investerer ho i meir enn berre fysisk aktivitet. Friluftsliv i lag byggjer relasjonar, senkar stressnivået og gir ny energi i arbeidskvardagen. Små turmål etter arbeidstid eller felles turar kan gi store gevinstar, både for den enkelte og for arbeidsmiljøet.
Les meir på Stikk UT!
BUA utlånssentral – berekraftig friluftsliv
Ikkje kjøp meir utstyr enn du treng.
I Volda kommune finn du to BUA utlånssentralar. Ein på samfunnshuset i Volda sentrum og ein på Grobygget i Hornindal. Her kan du låne tur- og idrettsutstyr heilt gratis.
Les meir på Utlånssentral/BUA - Volda kommune
I tillegg kan du bidra til berekraft ved å:
- velje nærturar du kan gå eller sykle til
- reise fleire saman dersom du må bruke bil
Kvart tursteg tel – også for turstiane våre
Når fleire registrerer turane sine i Stikk UT!, blir bruken av turområda i Volda synleg. Denne statistikken er viktig når kommunen søkjer støtte til vedlikehald og oppgradering av stiar og turområde.
StikkUT! Turmåla Sommar 2026:
I Stikk UT! Appen, eller på nettsida Stikk UT! finn du meir informasjon om kvart turmål.
Stikk UT! Kontakt i Volda kommunen er Solveig Storeide.
Kom deg ut! Det er Stikk UT!-sesong!