StikkUT!
Stikk UT! vinter startar 1. desember og det er berre å glede seg til 409 flotte turmål i fylket, både til fots og på ski.
Appen Stikk UT! har gått over til vintermodus, og der finn de no alle turmåla som er med i vintersesongen
Gode turopplevingar har ein stor verdi, både for eiga helse og for fellesskapet. Turane treng ikkje vere avanserte – enkle turar i nærområdet kan ofte vere tilstrekkeleg.
Vi oppmodar deg om å invitere med eit familiemedlem, ein ven eller kollega på tur og oppleve samhold og ekte turglede!
God tur!