Stor interesse for kurset "Sprek på nett"

Stor interesse for kurset "Sprek på nett"

Mange møtte fram då Volda kommune inviterte til kurs for å bli ein tryggare digital brukar. Neste kurs er 9. februar.

Gruppe med menneske som er på kurs. - Klikk for stort bilete Volda kommune

På det første kurset som var fredag 26. januar var det svært godt oppmøte, – og det såg ut til at deltakarane hadde det kjekt. 

I tillegg til å lære kursdaltakarane meir om digitale verktøy, er det lagt opp til å vere ein sosial møtestad der det vert servert kaffe, te og noko å bite i.  

Kurset skal fortsette annan kvar fredag fram til sommeren. Sprek på nett er eit lågterskel tilbod som er ope for alle, og krev ingen påmelding! 
 

Neste kursdag er fredag 9. februar, klokka 11.00–13.00. Kurset er på Volda folkebibliotek.

Teknologi blir meir og meir integrert i samfunnet vårt og kurset skal verke som ei bru mellom teknologi og brukarar. Målet er å hindre at nokon blir utelatne i den teknologiske utviklinga. Tiltaksordninga er ein del av regjeringa og KS si målsetting om lågterskel opplæring i digital kompetanse.

På kurset vil ein mellom anna lære om applikasjonar, brukartenester og andre tekniske verktøy. Ein kan også kome med eigne ønskjer om kva ein vil lære. Kurset skal ikkje berre vere for læring, men også ein sosial møteplass. Kurset er eit uforpliktande tilbod der ein berre treng å møte opp for å lære. Kurset kjem til å bli heldt annenkvar fredag på Volda folkebibliotek.

Sprek på nett kurs annankvar fredag
Kursdag Dato Klokka
Fredag 9. februar 11.00–13.00
Fredag 23. februar 11.00–13.00
Fredag 8. mars 11.00–13.00
Fredag 22. mars 11.00–13.00
Fredag 5. april 11.00–13.00