Telenor tilbyr erstatningsløysing utan etableringsavgift og bindingstid

Telenor tilbyr erstatningsløysing utan etableringsavgift og bindingstid

Bilete av ein kvit gammeldags telefon med sveiveskive - Klikk for stort bilete Markus Winkler, Pexels.com

Fleire som har bestilt mobilt breiband som erstatningsprodukt har opplevd å få feil informasjon frå Telenor.

Årsaka er at dei som arbeider på Telenor sin kundeservice berre får opp informasjon om standardprodukta til Telenor.
 
Alle bestillingane frå kundane som har rett på erstatningsprodukt må ha manuell handtering i etterkant av bestillinga, seier Telenor i ein svar-epost til Volda kommune.
Alle kundane i desse områda vil bli kreditert for etablering på 4.995 kroner. Vi står ved det vi har sagt, kundene skal få fri etablering og ikkje ha binding til erstatningsproduktet vårt, seier Telenor.
 

Grunnen til at dei har fått melding om installasjon til 4.995 kroner, er at dette er ei automatisk generert tilbakemelding som kjem når kundane bestiller, skriv Telenor. – Vi har ikkje klart å filtrere ut dette av våre system.

Nokon kundar seier at dei har opplevd å få same informasjonen når dei har ringt og snakka med kundestøtte på telefon, seier digitaliseringsleiar Paul Ottar Tornes, Volda kommune.

–  Utfordringa er den same, seier Telenor. Medarbeidarane i kundeservice hos oss ser berre våre standardprodukt. Vi må ha manuell handtering av desse bestillingane i etterkant. Dette er uheldig, men slik er det med moderne It-system, svarar Telenor.