Test av nødvarsel på mobil og varslingsanlegg onsdag 10. januar

Test av nødvarsel på mobil og varslingsanlegg onsdag 10. januar

Bilete av ein person som held ein telefon som får naudvarsel. - Klikk for stort bilete dsb

Onsdag 10. januar rundt klokka 12.00 blir nødvarsel på mobil og varslingsanlegga til sivilforsvaret testa over heile landet.

Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjere noko. Nødvarselet som blir sendt ut er "VIKTIG MELDING".

Les varselet, følg rådet

Alvorlege hendingar kan oppstå brått. Då er det viktig at du raskt får informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. No får vi Nødvarsel. Det betyr at om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit varsel med viktig informasjon på mobiltelefonen din.

Nødvarselet består av ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. For å fange merksemda di vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel skal du lese varselet og følgje rådet.

Ei teneste frå styresmaktene  

Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter, og det er politiet eller Sivilforsvaret som kan sende ut slike varsel.

 

Fleire andre europeiske land har god erfaring med å bruke denne teknologien for å varsle innbyggarane sine om alvorlege farar som for eksempel flaum, terroråtak og utslepp av kjemikal. Nødvarsel på mobil kan hjelpe til å redde liv og helse også her i Noreg.

Nødvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar som med høg lyd gjev signal om at du må oppsøkje informasjon. Under ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som for eksempel på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium.

På same måte som ein testar tyfonane kvart halvår, skal også Nødvarsel på mobil testast jamleg.

Slik fungerer Nødvarsel

Eit nødvarsel blir sendt ut via mobilnettet til alle mobiltelefonar som kan ta imot slike meldingar, i løpet av nokre få sekund. Teksten i varselet vil vere på norsk eller engelsk, avhengig av kva for språkinnstilling du har på telefonen din. Om telefonen din stør tekst til tale, kan du også få varselet lese opp.

Nødvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysningar om deg eller telefonen din. Du treng ikkje å registrere deg eller laste ned ein app for å motta nødvarsel, og det er heilt gratis. Det du må hugse på er å halde telefonen din oppdatert med nyaste programvare.

Du kan lese meir på Nødvarsel.no 

Test av nødvarsel - ulike språk
Tittel Publisert Type
Fransk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Fransk - infoark.pdf
Litauisk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Litauisk - infoark.pdf
Farsi – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Farsi - infoark.pdf
Pashto – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Pashto - infoark.pdf
Nordsamisk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Nordsamisk - infoark.pdf
Nynorsk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Nynorsk - infoark.pdf
Polsk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Polsk - infoark.pdf
Thai – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Thai - infoark.pdf
Tagalog – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Tagalog - infoark.pdf
Russisk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Russisk - infoark.pdf
Somali – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Somali - infoark.pdf
Spansk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Spansk- infoark.pdf
Ukrainsk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ukrainsk - infoark.pdf
Urdu – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Urdu - infoark.pdf
Tigrinja – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Tigrinja - infoark.pdf
Vietnam – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vietnam - infoark.pdf
Tyrkisk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Tyrkisk - infoark.pdf
Tysk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Tysk - infoark.pdf
Amharisk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Amharisk - infoark.pdf
Arabisk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Arabisk-infoark.pdf
Dari – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Dari - infoark.pdf
Engelsk – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Engelsk - infoark.pdf
Bokmål – information about emergency alerts

07.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Bokmål - infoark.pdf