Test deg ved symptom og reduser antal nærkontaktar

Test deg ved symptom og reduser antal nærkontaktar

Pixabay.com Volda kommune oppmodar om at alle reduserer antal nærkontakter så mykje som mogleg og at ein testar seg dersom ein har symptom - også om det er svake symptom. 

Volda kommune hadde totalt 32 smitta sist veke (veke 50), tilsvarande tal i veke 49 var 63 smitta. Tala viser med andre ord ein nedgong i talet på smitta, men samtidig er det forholdsvis mange av dei smitta som har "ukjend smitteveg". For å avgrense smitten er det derfor viktig at ein held seg heime og at ein har låg terskel for å teste seg dersom ein får symptom. Dette gjeld også for dei som er vaksinerte. 

Husk å halde 1 meter avstand til andre enn dei du bor saman med og tilsvarande nære. Unngå klemming og handhelsing. Det er viktig at ein reduserer antal nærkontaktar, samtidig som ein ikkje skal isolere seg. Treff andre utandørs når det er mogleg.