Tilskotsmidlar til sentrumsprosjektet i Volda

Tilskotsmidlar til sentrumsprosjektet i Volda

Bilete av austsida av moloen på hamna i Volda sentrum - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø Kultur-, nærings- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har i møte den 26.10.2021 løyvd kr 960 000,- som tilskot til sentrumsprosjektet i Volda.

Midlane kjem frå det statlege tettstadprogrammet og skal nyttast til park/amfi og oppgradering av skråninga på autsida av moloen i sentrumshamna.

Skråninga er i dag berre ei uryddig massefylling og ein ønskjer å gje området eit parkmessig ansiktsløft, og å gjere det tilgjengeleg for publikum ved mellom anna å bygge amfi/trappetrinn av naturstein, liknande det som er på innsida av moloen.

Området kan nyttast til å kome ned i kontakt med elva/sjøen, ein kan sitje ned på trappetrinna eller på ein av benkane som vert plassert ut. Ein vil kunne sjøsette kajakk, observere andeflokken som held til i elveosen, parkere sykkel m.m.

Det skal også byggast eit servicebygg for besøkande i hamna som vil innehalde offentleg toalett, dusj, vaskerom og tørkerom.  

Det er Nordplan AS som prosjekterer anlegget for Volda kommune.

Fylkeskommunen har tidlegare løyvd tettstadmidlar til fyrlyktprosjektet på moloen, og til bru og turveg mellom Prestholmen og sentrum.

 

Bilete av landskapsplanen for austsida av moloen i Volda sentrum - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø

 Sjå PDF av landskapsplanen. (PDF, 2 MB)

 

 

Bilete av fyrlykta på moloen i Volda sentrum - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø