Tilstandsrapport barn og unge 2023

Tilstandsrapport barn og unge 2023

Tilstandsrapport barn og unge 2023 er no ferdig utarbeidd og vil bli lagt fram for tenesteutval for oppvekst og kultur og kommunestyret i mai.

Det er lovpålagt for kommunane å utarbeide ein tilstandsrapport for bernevernstenesta og grunnskulen, men i Volda har vi valt å inkludere også helsestasjonen og barnehage i den årlege tilstandsrapporten. 

Du vil med andre ord få eit breitt og godt bilde av tenestene, innhaldet i dei, og informasjon om kvalitet og økonomi. 

Rapporten er først og fremst meint for kommunestyret som er eigar av tenestene, men vi er sikre på det vil vere mykje av interesse for andre som tilsette, føresette og andre som har interesse av tilbodet vi gir til barn og unge i Volda.

Viss nokon har kommentarar, spørsmål  eller andre innspel til oss knytt til rapporten så tek vi gjerne imot det, og vi skal prøve å svare på dei spørsmåla vi måtte få.

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne, som deltek, meistrar og lærer.

Dette er visjonen tenestene i sektoren arbeider mot. Alle i sektoren skal bidra til at barn, unge og vaksne har tru på framtida og mogelegheitene som ligg der: At dei meistrar sjølve livet.


Å vere trygg handlar om omsorg, om å bli sett og anerkjent som menneske, samt å utvikle seg og delta i ein sosial fellesskap. Kort sagt: Meistre sitt eige liv.
 

Det store biletet viser at dei aller fleste barn og unge i Volda kommune er trygge, deltek, meistrar og lærer.

Samstundes ser vi at det i Volda, som elles i landet, er fleire elevar som ufrivillig ikkje kjem seg til skulen. Dette får no stor merksemd, og det blir arbeidd medvite både for å førebygge ufrivillig skulefråvær, og hjelpe elevar attende til skulen og til fellesskapen. Ein ser også at det er mange unge som strevar med si psykiske helse og har behov hjelp og støtte.

Dette er også noko av bakgrunnen for satsinga på BTI (betre tverrfagleg innsats), som vart starta opp i 2022. Betre tverrfagleg innsats (BTI) er ein samhandlingsmodell med mål om tidleg å identifisere og starte oppfølging av barn, unge og familiar som det er knytt ei undring over, utan brot i oppfølginga.

Du kan lese meir om dette i rapporten:

Tilstandsrapport barn og unge 2023 (PDF, 4 MB)

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
kommunalsjef
E-post
Mobil 90 53 67 57