Malvin Kile og Bjørn Reite vart takka av på brannmannskapet i Volda si årssamling. Malvin har vore brannmann i 25 år, medan Bjørn har heile 42 år bak seg som brannmann.
Begge to har vore befal i brannvernet, og har lagt ned mykje av si eiga fritid for å kunne passe på innbyggarane i Volda, i tillegg til sine faste jobbar i kommunen.
Dersom ein reknar litt på det, betyr det at Malvin med sine 25 år bak seg, har gått brannvakter i 6,2 år. Bjørn med sine 42 år i ryggen har gått brannvakter i 9,6 år.
I tillegg til dette har dei også brukt tid på uttrykkingar, øvingar og kursing på brannskulen.
Til tross for dei mange utfordringane dei har støytt på som brannmenn opp i gjennom åra, er begge to heilt samde om at tida i brannvernet har vore svært givande.
Volda brann og redning takkar for innsatsen og ynskjer dei to lukke til som pensjonistar.