Trivsel i sentrum fekk Frivilligprisen 2021

Trivsel i sentrum fekk Frivilligprisen 2021

 Frivilligprisen 2021 til Trivsel i sentrum, vart delt ut på kommunestyremøtet 16.12.2021.

S. Dimmen  

Ellen Hesselberg tok i mot prisen på vegne av trivsel i sentrum. Varaordførar Sverre Leivdal overrekte prisen.

Grunngjeving for frivilligprisen 2021

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet
  • Ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats, skal prisen synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien av denne
  • Mangfald og breidde i den frivillige innsatsen, med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur, skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald mellom prisvinnarar
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person, lokal foreining eller gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt

 

Årets frivilligpris går til ein flokk i Volda sentrum som med rette kan kallast eldsjeler. Sidan våren 2018, då laget vart skipa har denne gjengen til fulle nådd ambisjonane sine om å vere ..sitat frå vedtektene:

pådrivar og igangsetjar av trivselstiltak i Volda sentrum. 

 

Vidare står det i vedtektene om føremålet:

Trivsel i sentrum skal skape meir liv og røre i Volda sentrum gjennom å

  • spele på lag med eksisterande aktivitet
  • ta inititativ til ny aktivitet
  • skape relasjonar mellom ulike aktørar

 

Ein klar oktoberkveld hausten 2018 vandra eit folkehav av små og store frå Årneset til sentrum lags Øyraelva. Straumen av menneske som lot seg fasinere av spektalulært lysshow med overraskingar bak kvar ein stein og busk, ville ingen ende ta. Det vart talt om lag 2000 personar som deltok i den første kulturelle lysvandringa. Året etter var talet dobla og meire til. Trivsel i sentrum hadde saman med barnehagar, skular, frivillige og sponsorar gjort Elvadalen om til ei lang kulturell oppleving.  Øyralangs er kome for å bli.

Den årlege Peparkakebyen på Spinneriet er eit lunt førjulstrivselstiltak som vekkjer stor entusiasme og kreativitet. Til glede for små og store bakarar, og alle som får kome og sjå utstillinga og ta del i førjulsstemninga.

I 2019 arrangerte Trivsel i sentrum to marknadsdagar.  Heile sentrum var smekkfullt av boder, med tilbod om alt frå nysteikte fiskekaker til raritetar frå kjellar og bod selt rett frå bagasjeromet på bilen, og tiltaket fekk stor oppslutning. Trivsel i sentrum var også medverkande i julefesten på My Kitchen julaftan 2019.

Koronaen har sett ein stoppar for dei store arrangementa dei siste par åra, men Øyralangs vart gjennomført på ein flott måte både hausten 2020 og no i haust. Av andre bidrag denne glad-gjengen står føre er å  bygge opp ein utstyrsbank som heile lokalsamfunnet kan få nytte.  Og dei er aktive i utviklinga av Prestholmen, som ein mangfaldig aktivitetsarena i samarbeid med mange andre aktørar. 

Juryen konkluderer med at Trivsel i sentrum er ein flokk ustoppelege entusiastar med velutvikla teft for kva Volda treng: entusiasme, lagspel og positivitet. Når ein legg til fantasi, moro og estetikk, er nemnda særs glade for å kunne tildele  Frivilligprisen 2021 til Trivsel i sentrum.

 

I Juryen for Frivilligprisen

Sølvi Dimmen            Sverre Leivdal            Kari Aslaug Hasle      Rebecca Riise Bjerknes