TV-Aksjonen i Volda 2022, praktisk informasjon

TV-Aksjonen i Volda 2022, praktisk informasjon

Bilete av Sverre Leivdal, aksjonsleiar og  Astrid Gjersdal, koordninator. Dei har på seg raude t-skjorter og viser fram plakat og innsamlingsbøsser for TV-aksjonen Leger uten grenser - Klikk for stort bilete Volda kommune

TV-aksjonen 2022,Saman redder vi liv, går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisin til menneske som treng det mest.

Informasjon om temaet finn de på blimed.no og gjennom NRK sine sendingar etter som TV-aksjonen nærmar seg

Aksjonsdagen er søndag 23. oktober, og det vert også i år tradisjonell bøsseinnsamling dør til dør, i tillegg til ei rekke digitale innsamlingsløysingar. Det trengst ca 120 bøsseberarar, av desse ca 50 i Volda sentrum, for å dekke alle rodene i Volda kommune. Kommunekomiteen ber dermed om hjelp frå alle gode krefter for å nå ut til alle husstandar.

Bygdene/grendelaga:

Det er sendt ut oppmoding til grendelagsleiarane i bygdene om å ta ansvar for å organisere innsamlingsaksjonen i sine bygder. Vi treng tilbakemelding innan 15. oktober til astrid.gjersdal@volda.kommune.no telefon 91 72 56 39 eller til servicekontoret, rådhuset, på

  • kor mange bøsser de treng, og
  • namn på kven som hentar dei.

Ver tydeleg på kva grendelag det gjeld.

Bøssene til grendelaga må hentast i servicekontoret på rådhuset onsdag 19. torsdag 20. og fredag 21. mellom kl 09.00-15.00. Bøsser og materiell vert tillaga på førehand og utleverte derifrå samla, og de har ansvar for å dele det ut til dykkar bøsseberarar, samle inn att bøssene og levere dei i Sparebank1 mellom kl 17.00-19.00 innsamlingsdagen.

Hornindal:

I Hornindal vert Smia utleveringsstad for bøssene i løpet av fredag 21., kl. 09.00-15.00. Det er ikkje høve for andre enn dei som skal gå i Hornindal å hente bøsser på Smia. Bøssene skal også leverast på Smia mellom kl 17.00-18.00. Kontaktperson er Ove Rand tlf 91 14 92 75.

Volda sentrum

Bøsseberarar i Volda sentrum melder seg på blimed.no eller ved å ringe 02025. Bøsse og rodekart vert uttdelt søndag mellom 12.00-15.00 på rådhuset, hovudinngangen.

De vel sjølve når på dagen de vil gå og samle inn, men bøssene skal innleverast på Sparebank1 mellom kl 17.00-19.00.

Takk for at du stiller opp for TV-aksjonen!

 

Kommunekomiteen Volda, 01.10.2022

Sverre Leivdal, aksjonsleiar og  Astrid Gjersdal, koordninator