Ung og engasjert? Volda ungdomsråd søker nye medlemmar

Ung og engasjert? Volda ungdomsråd søker nye medlemmar

Ungdomsrådet i Volda har ledige plassar. Er du under 19 år, kan du stille til val og vere med å påverke avgjerder som betyr noko for ungdom.

Ungdomsrådet er eit viktig talerøyr for barn og unge i kommunen og skal gi råd til politikarane i saker som gjeld oppvekst, fritid, kultur, miljø og andre område som rører ungdom.

Ungdomsrådet er ein plass der du kan påverke, lære og få erfaring som kjem godt med seinare i livet. Du får vere med på å setje dagsorden og bidra til at Volda blir ei betre bygd å bu i.

Kven kan søkje?

Alle mellom 13 og 19 år som bur i Volda kommune kan søke om å bli medlem. Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ha lyst til å engasjere deg og ha meiningsytringar du vil dele. Du får lære korleis kommunen fungerer og får erfaring med politikk og organisasjonsarbeid. Ungdomsrådet består av ungdomar frå bygdene og frå sentrum som saman får vere med på spennande prosjekt og arrangement. Som ungdomsrådsmedlem kan du påverke saker som gjeld deg og venene dine – frå fritidstilbod til skule og miljøspørsmål.

Ungdomsrådet følgjer ungdomstilboda i Volda

Ungdomsrådet har dei siste åra vore tett involvert i viktige prosjekt for ungdom i Volda. Rådet har følgt arbeidet med samfunnshuset og renoveringa av dei nye lokala til ungdomsklubben, og har vore pådrivarar for å løfte fram ungdom sine behov i prosessen.

Ungdomsrådet har òg stått bak kulturtiltak for ungdom, mellom anna et større gratis “back to the 2000`s” arrangement og ungdomskonsert på Studenthuset Rokken.

Er du nysgjerrig kan du lese meir om ungdomsrådsarbeid her: https://www.e-ung.no/hva-er-ungdomsrad/

Søknadsskjema Volda Ungdomsråd: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL124/

Frist for å søkje er 27. september.

For spørsmål ta kontakt med leiar for Volda frivilligsentral UNG , sander.aksnes.bjorkedal@volda.kommune.no