Volda kommune
Prosjektet har gitt eit nytt bustadfelt med tilrettelagd vatn, avløp og tilkomstveg. Sjølv om anleggsarbeidet er ferdig, er det framleis behov for å få på plass juridiske, tryggingsmessige og politiske avklaringar før tomtene kan seljast.
Eit sentralt punkt er ei pågåande jordskiftesak som skal klargjere eigedomstilhøva rundt Engesetgeila. Det er venta at partane kan kome til semje før sommaren, men dersom det ikkje lukkast, kan saka gå vidare til hovudforhandlingar etter sommaren. Eigedomsforholda må vere avklara før tomtene kan delast frå og gjerast klare for sal.
Samtidig har kommunen arbeidd over tid med skredsikring av området. Urbakkfoten er utsett for snøskred, og det er difor inngått avtalar med grunneigarar om restriksjonar på hogst i verneskog. Dei fleste grunneigarane har no akseptert vilkår og erstatning, og arbeidet er i ferd med å falle på plass gjennom privatrettslege avtalar.
Parallelt har det også vore jobba med ei omregulering. Formannskapet skal ha saka ut til offentleg høyring før ferien, med sikte på endeleg politisk handsaming over sommaren. Endringane omfattar mellom anna forhold knytt til verneskog, rekkjefølgjekrav og opparbeiding av leikeareal.
Innan desse forholda er avklarte, vil kommunen legge fram ei eiga politisk sak om fastsetting av pris på bustadtomtene. Først etter dette kan tomtene i Urbakkfoten leggast ut for sal.
Samla sett betyr dette at sal av bustadtomter tidlegast kan skje etter sommaren, føreset at dei attståande prosessane går som planlagt.
Spørsmål om prosjektet og arbeidet som er gjort kan rettast til prosjektleiar Kjetil Årøen via e-post: kjetil.aroen@volda.kommune.no.
Spørsmål om bustadfeltet og tomtene kan rettast til juridisk leiar Andreas Kiperberg via e-post: andreas.kiperberg@volda.kommune.no.