Varsel om oppstart av planarbeid, Sorenskrivargarden – Skjervavegen 10

Varsel om oppstart av planarbeid, Sorenskrivargarden – Skjervavegen 10

Målet med planen er å omregulere gbnr 19/14 frå offentleg tenesteyting til bustadformål.  Frist for innspel er 22.08.2024 

Varsel om oppstart av detaljregulering for «Detaljreguleringsplan for Sorenskrivargarden – Skjervavegen 10». 

PlanID: 2024001.  Frist for innspel: 22.08.2024 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 19/14Volda kommune. Namn på detaljplanen er «Detaljreguleringsplan for Sorenskrivargarden – Skjervavegen 10» Planområdet Planområdet, Sorenskrivargarden gbnr.19/14 ligg på Skjerva i Volda sentrum omkransa av bustadar både på nord-, sør- og austsida og av veg, hotell og gardstun på vestsida. Planområdet utgjer ca. 3,9 daa medan tomta i seg sjølv er på ca. 6 mål

Kartutsnitt som viser kvar Sorenskrivargarden ligg i Volda - Klikk for stort bilete kartutsnitt

Formål

Målet med planen er å omregulere gbnr 19/14 frå offentleg tenesteyting til bustadformål slik at huset kan bli brukt som bustad. Samt bevare/vidareføre vernestatusen som eigendomen er underlagt.

Planstatus

I gjeldande reguleringsplan for Volda sentrum (planID: 1965001) er eigedomen regulert til offentleg bebyggelse med unntak av området lengst nord som er uregulert. I gjeldande kommunedelplan for tidlegare Volda kommune (planID: 2016005) er størstedelen av eigedomen avsett til offentleg eller privat tenesteyting (o_BOP71) medan øvre del mot nord/nordaust er avsett til blå/grønnstruktur (o_G81). Volda kommune er i gang med ny områderegulering av Volda sentrum og aksepterer difor plangrensa som vist.

Konsekvensutgreiing

I samråd med kommunen har ein kome fram til at det ikkje er naudsynt med konsekvensutgreiing eller planprogram sidan planen gjeld endring av arealformål for ei einskild tomt og ikkje eit nytt bustadområde. Planen vil ikkje legge til rette for vidare utbygging, men legge til rette for omdisponering av eksisterande bygning.

Les varslingsbrevet  (PDF, 9 MB)