Varsel om vegarbeid

Varsel om vegarbeid

Kartusnitt som viser kvar arbeidet i Bjørnevegen skal skje. - Klikk for stort bilete Kartutsnitt Bratteberg

Vi er i gang med utbygging av vegar og anna infrastruktur til det nye Øvre Heltnefeltet. Dette vil dessverre før til ein del ulemper i periodar for dykk som nyttar vegen.

Vi har som mål å vere ferdige i slutten av august og det er entreprenør Aurvoll og Furesund AS som utfører oppdraget på vegne av kommunen.

Det meste av arbeidet vil skje i terrenget på oversida av Bjørnevegen, men det vert noko graving i og langs vegen for å kunne kople oss til eksisterande rør og kablar. Det vil dessverre føre til ein del ulemper i periodar for dykk som nyttar vegen, men vi skal sørge for at dette vert godt skilta og sikra.

Det er ein del fjellmasser i prosjektet som må sprengast og det vert varsla med lydsignal etter vanlege rutinar. Ønskjer de ytterlegare forvarsel kan de melde dette til entreprenør som då vil sende varsel på mobil (sms) før sprenging.  Du melder deg på ved å sende informasjon om namn, adresse og mobilnummer til epost : post@a-f.no

Det vil nok bli litt verre før det skal bli ein god del betre med forlenga fortau, veglys, litt ny asfalt og ikkje minst tilbod om nye tomter, melder prosjektleiar Kjetil Årøen i Volda kommune.

Kontakt

Kjetil Årøen
prosjektleiar
E-post
Mobil 48 14 37 43