Vassaktivitetsdag i sommarprogrammet

Vassaktivitetsdag i sommarprogrammet

Hornindal Frivilligsentral har i sommar arrangert vassaktivitetsdag i Hornindal som ein del av sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune. 

Kristine Sofie Orheim Hansen

Om lag 90 personar tok turen til Groparken og badestranda denne dagen, og det var stor aktivitet både på land og i vatn. I forkant av arrangementet var ein gjeng frivillige i sving for å blåse opp og legge ut vasstrampolina. Denne vart eit attraktivt mål for mange av dei som bada. Trampolina er eit fast innslag på Hornnindalsvatnet, og brukar å ligge ute heile badesesongen. Små og store prøve seg på både SUP, kano og kajakk frå BUA, med kajakkinstruktør som guida i både padleteknikk og sikkerheit. Vi hadde også med oss frivillige som køyrde både vannskuter, båt og tube, til stor glede for barna.

Sommarprogrammet arrangerast i samarbeid med Volda Røde Kors, og dei var på staden med sikkerheitspersonell i båt, i tilfelle ulykke og skade. Heldigvis vart det ein svært rolig dag for dei, med ingen ulykker og skadar. Som tidlegare år, var det også i år to blide damer som serverte deilig betasuppe frå Hornindal bygdekvinnelag.

Dagleg leiar ved Hornindal Frivilligsentral er svært nøgd med arrangementet, og rosar alle dei som bidrog til at deltakarane fekk ei fin oppleving denne dagen. Vassaktivitetsdagen var ein kjempesuksess, og vi gler oss allereie til neste års arrangement!

Kristine Sofie Orheim Hansen

 

Kristine Sofie Orheim Hansen