Vegstenging i Furene. Utskifting av vatn- og avlaupsrør mellom Morkavegen og Morkafura

Vegstenging i Furene. Utskifting av vatn- og avlaupsrør mellom Morkavegen og Morkafura

utklipp av arbeidsområdet

 

Strekninga frå krysset Morkavegen og Furene opp til Morkafura vert stengt for gjennomkøyring frå 20.11.2023.  Truleg til og med ut i april 2024.

Volda kommune skal skifte ut VA- rør over ei strekning på 400 meter i Furene. Dette er rør som vart lagt ned i 1970 og det har vore mange lekkasjar i området.
 

Stenginga vil etappevis også gjelde for fotgjengarar.

Arbeidet startar opp måndag 20. november, der første fase gjeld strekninga frå krysset Morkavegen og til Volda Maskin i Furene 42.

For å kome til eksisterande kummar vert mykje av krysset gravd opp. Her sikrar vi grøftene med byggegjerder og set opp ei mellombels bruløysing over elva for dei som nyttar gangvegen .

Det vert mogleg å passere med bil til og frå  Morkavegen og Håskjoldvegen.

Vi reknar med at prosjektet vil vare fram mot slutten av april.

utsnitt av kryss og gangbruløysing