Vellykka samarbeid

Vellykka samarbeid

I starten av haustferien var datainteresserte ungdommar frå alle kantar av kommunen samla på Volda Campus Sparebank 1 arena. Ungdom som spelar dataspel

Rundt 200 unge menneske kom saman for å dele interesse og skape gode minne saman.

Ung i Volda, ungdomsklubben i Volda, var med som samarbeidspart saman med Volda E-sport, som var arrangør av arrangementet som varte frå fredag til måndag. 

Ung i Volda rigga opp ein imponerande datalab i kioskområdet. Her fann ein alt frå datamaskiner som ungdommane kunne bruke fritt, til eit par VR-briller som tok dei med på spennande reiser i virtuelle verdar. Ein storskjerm med Playstation lokka til seg mange ivrige spelarar til både fotball og dans, og eit Podcast-studio vart oppretta for dei som ville prøve seg som lydskaparar. Alt utstyret var tilgjengeleg for ungdomane heilt gratis.

Volda E-sport selde om lag hundre billettar til datapartyet, i tillegg til desse strøyma det om lag hundre ungdommar til kiosken for å nyte det digitale paradiset som Ung i Volda hadde skapt. Dette gav eit tal på rundt to hundre unge menneske som kom saman for å dele interesser og skape minne i løpet av helga.

– Det var kjekt å sjå gleda og entusiasmen dette tilbodet skapte blant ungdomane våre, seier Paul Ottar Tornes, som stilte opp som frivillig frå Volda E-sport.

– Det er ikkje berre tala som er imponerande, men også det faktum at tilbodet som Ung i Volda tilbyr er gratis. Det er eineståande at Ung i Volda gir ungdomane i vår eigen kommune moglegheit til å utforske dataverda og ha det moro, utan å tenke på økonomiske avgrensingar, seier Paul Ottar Tornes vidare. 

–  Men det viktigaste med dette datapartyet er måten det har kopla saman ungdommar frå alle delar av kommunen. Uavhengig av kulturelle eller økonomiske forskjellar, samla desse ungdommane seg for å utforske ei felles interesse – dataspel og teknologi. Det skapte eit sterkt fellesskap, ein kjensle av tilhøyrsle og eit rom der dei kunne dele kunnskap, erfaringar og gode stunder. Det var hjartevarmande å sjå ungdommar frå ulike bakgrunnar hjelpe kvarandre, heie på kvarandre, samarbeide i spel og samtidig lære noko nytt, seier ein engasjert Tornes.

  – Dette datapartyet har vore eit strålande døme på korleis vi som samfunn kan investere i og støtte våre ungdommar. Dette har vore med på å bygge bruer mellom ulike grupper i kommunen, og samtidig gitt ungdomane ei moglegheit til å utvikle seg sjølv og sine interesser. Det er eit bevis på kor viktig det er å tilby slike gratis tilbod, som opnar dører og skaper samhald, seier Tornes.

  – Det var inspirerande og motiverande å få jobbe saman med andre som brenn for inkludering og bygging av sunne og gode barn og ungdommar der dei er, innanfor interessa dei har – i dette tilfelle gaming i ein sosial samanheng, sa Tornes. Vi er takksame for innsatsen til Ung i Volda, ein viktig del av Volda kommune, og vi ser fram til fleire slike arrangement som kan hjelpe oss å vekse som ein samla og inkluderande kommune. Med Ung i Volda sin lidenskap og dedikasjon, veit vi at framtida ser lys og lovande ut for våre ungdommar.

 

 

Inga Klepp Bjørndal, kulturmedarbeidar ved kulturavdelinga i Volda kommune, er samd med Tornes. Ho takkar for eit kjekt og viktig samarbeid. Vidare seier ho at denne helga var verkeleg eit godt døme på korleis ein kan møte ungdommen og kan få til store ting om ein jobbar saman. – Dette håpar eg vi får fortsette med! 

Også Torstein Ulstein Kayser, kulturmedarbeidar ved kulturavdelinga i Volda kommune, er heilt samd i at dette var eit vellykka samarbeid mellom kommunale tenester og frivilligheita som burde løftast fram som føredøme i arbeid med å skape relevante møteplassar for ungdom framtida. 

Dette er ein del av kommunen sitt fokus på tidleg innsats i innsatstrappa der ein ønskjer å skape attraktive og aktive lokalsamfunn. 

 

Har ditt lag ønske om samarbeid med kommunen? Ta kontakt så vi saman kan skape meir magi for barn og unge i Volda!