Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse

Vi treng å snakke meir saman. Gi 8 minutt til nokon du bryr deg om.

Vi treng å snakke meir saman

I årets kampanje av Verdensdagen for psykisk helse blir vi oppmoda til å setje av 8 minutt kvar dag til å ringe nokon vi bryr oss om.

Ein av tre under 44 år opplever at livet er lite meiningsfullt. Å kjenne at du lever eit meiningsfullt liv er eit grunnleggjande behov og vernar oss mot både livskriser og andre kriser. Forsking viser at sosiale relasjonar er vår viktigaste kjelde til meining, og at regelmessige, korte samtalar på telefonen kan ha ein betydeleg effekt på den psykiske helsa.

I år vil vi bidra til at fleire finn støtte og meining i ei uroleg tid, gjennom å snakke meir saman.

I Volda sentrum vart dagen markert på møteplassen Gnisten fredag 4. oktober, med open kafé på Prestegarden. Ordførar Sølvi Dimmen kom på besøk og hadde helsing til dei frammøtte. Ho minte alle om Skravlekoppen, som alle kaféane i Volda har.  – Drikk kaffien din av ein Skravlekopp og du inviterer andre til å setje seg saman med deg og ta ein prat, sa ein smilande ordførar.

Malene Rovde, seksjonsleiar utetenesta saman med ordførar Sølvi Dimmen på møteplassen Gnisten. - Klikk for stort bileteMalene Rovde, seksjonsleiar utetenesta saman med ordførar Sølvi Dimmen på møteplassen Gnisten med kvar sin Skravlekopp. Sunniva Utnes Kvangardsnes

Markering på Smia 12. oktober

Hornindal frivilligsentral og Hornindal bibliotek inviterer til markering av dagen på Smia laurdag 12. oktober, klokka 12.00-15.00 

Dei ønsker alle hjarteleg velkomne til brettspel, hobbyaktiviteter, levande musikk, diktlesing og gode samtalar.
– Vi spanderer kaffi, te, saft og litt å bite i. Det er gratis å delta, og du kjem og går som du vil, seier Kristine Sofie Orheim Hansen, leiar Hornindal frivilligsentral og Emmy Martina Blendberg, konsulent på biblioteket.
 

Program 12. oktober på Smia

12.00: Dørene opnar
12.30: Diktlesing ved Ragnhild K. Lødøen
13.30: Oline Løvlid og kvedarane
14.30: Musikk ved Kristian Haugen
15.00: Dørene stengjer

Link til arrangementet (facebook)

 

Her kan du lese ordførar Sølvi Dimmen si helsing i høve Verdsdagen for psykisk helse:

 

Kjære alle saman,

Det er ei stor glede å ønskje dykk velkomne til denne viktige markeringa av Verdsdagen for psykisk helse her i Prestegarden. Årets tema, "Vi treng å snakke meir saman”, er både aktuelt og nødvendig.

Vi har alle ei psykisk helse. Og ei fysisk helse. Begge delar er heilt ok å snakke om.

Psykisk helse er ein grunnleggjande del av vår generelle helse, og det er på tide at vi gir den den merksemda den fortener. Ved å snakke meir saman, kan vi bryte ned barrierar, redusere stigma og skape eit samfunn der alle føler seg sett og høyrt.

Å føle at du lever eit meiningsfullt liv er eit grunnleggjande behov og verkar beskyttande under både livskriser og andre kriser. Personar som opplever meining i livet, er også mindre sårbare for å oppleve alvorleg einsemd, kognitiv svikt, depresjon og avhengigheit. Men korleis finn vi meining i ein kvardag som kan kjennast meiningslaus?

Forsking viser at vår viktigaste og mest avgjerande kjelde til meining, er våre sosiale relasjonar. Ingen andre faktorar spelar ei like stor rolle for vår livskvalitet som kor tilfredse vi er med relasjonane våre. Diverre er det altfor mange i dag som ikkje er tilfredse.

  • 44 prosent i Noreg er plaga av einsemd, i større eller mindre grad.
  • Ein av fem opplever at dei ikkje har nokon å vende seg til når dei går gjennom noko vanskeleg.
  • Fire av ti studentar har få eller ingen vener.

Venskap er noko vi kan skape, fornye og styrke gjennom heile livet. Gode venskap kan verke beskyttande mot effektane av negativt stress, og gjer det lettare å tole store omveltingar i livet. Å erfare at vi har betydning for andre, er avgjerande for å ha eit meiningsfullt liv, og verkar beskyttande når det stormar.

I årets kampanje ønsker ein å bidra til aktive grep for å styrke relasjonane dine, for å gi livet meir meining i ei uroleg tid.

Vi treng å snakke meir saman. Forsking viser at berre 8 minutt på telefonen med ein du bryr deg om, kan ha ein betydeleg effekt på både relasjonen og den psykiske helsa. Konseptet «The secret power of the 8-minute phone call» blei først presentert av Jancee Dunn frå New York Times og er basert på verdas lengste vitskaplege studie om lukke frå Dr. Bob Waldinger frå Harvard University.

Vi undervurderer ofte kor mykje det kan bety at vi tar kontakt, sjølv berre for å sjekke innom. Regelmessig kontakt kan senke terskelen for å lufte vanskelege tankar og kjensler, som kan gjere det lettare å fange opp når du sjølv eller nokon andre treng hjelp og støtte. Å prate med nokon som kjenner og forstår oss, aukar også motivasjonen for å finne vegen vidare i det som er vanskeleg.

Langt fleire enn før seier at dei aldri brukar telefonen til å ringe. Størst endring er det hos dei mellom 20-24 år, der det, på berre fem år, er 18 prosent færre som brukar telefonen til å ringe. I eit stadig meir meldingsbasert samfunn, så er det mykje viktig kommunikasjon vi går glipp av når vi verken ser eller høyrer kvarandre. Vi overvurderer også kor gode vi er til å tolke kvarandre på tekstmeldingar.

I år oppfordrar vi til å ta opp telefonen og ringe. Å høyre stemmen til ein vi er glad i, gjer mykje meir for oss enn det vi trur.

I dag har vi samla oss for å å styrke fellesskapet -dele erfaringar, lytte til kvarandre. Eg vil oppfordre alle til å delta aktivt i samtalane, vere opne og støtte kvarandre. Saman kan vi gjere ein forskjell.

Eg vil også nytte høvet til å takke Møteplassen Gnisten og Styrk arbeid for deira innsats i å arrangere denne kafeen. Deira arbeid er uvurderleg for å fremje psykisk helse i vårt lokalsamfunn.

La oss bruke denne dagen til å reflektere over korleis vi kan bidratil eit meir inkluderande og støttande samfunn. Saman kan vi skape ei framtid der psykisk helse er ein naturleg del av samtalen.

 Skravlekopp

– Eg vil også minne om Skravlekopp. Alle kaféar i Volda har fått skravlekoppen.

Du kan drikke kaffien din i ein skravlekopp når du inviterer andre til å sitte saman med deg. Når du ønsker å snakke med nokon kan du setje deg saman med nokon som drikk av ein skravlekopp.

Takk for at de er her, og la oss ha ein meiningsfull og inspirerande dag saman.

Ordførar Sølvi Dimmen – Helsing på møteplassen Gnisten sin opne kafé 4. oktober 2024

Kanskje kan vi starte der i dag. Ring ein ven! 

 

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. Det er ein internasjonal FN-dag som blir markert i meir enn 150 land, for å fremje forståing for psykisk helse. Her kan du lese meir om Verdensdagen for psykisk helse.