Vinterdrift og brøyting av veg

Vinterdrift og brøyting av veg

Med vinteren som har kome til Volda, jobbar kommunen aktivt for å sikre trygg og framkommeleg ferdsel på våre vintervegar. 

Vinter på Botnasanden - Klikk for stort bileteVinteridyll på Botnasanden. Hildegunn Mork

Vi gjer vårt beste for å møte utfordringane vintersesongen bringer med seg.

Snøbrøyting

Kommunen har ansvaret for å brøyte kommunale vegar. 

Det er avdeling veg og park i tillegg til eksterne entreprenørar kommunen har avtale med som brøyter. 

Har du spørsmål om brøytinga?

Ring sentralbordet på tlf. 70 05 87 00 mellom kl. 10 og 14 på kvardagar.

Utanom desse tidene kan du ringe til vakttelefonen for teknisk vakt på tlf. 90 17 80 08

Strøing

Ved væromslag og glatte veger kan det ta 24 timer eller meir før alle veger, gater og fortau er strødd. Strøing ved skuler, barnehagar og gangveger vert prioritert først. Elles er det i bakkar, svingar, inn mot kryss og fotgjengarfelt at det blir strødd.

Det vert ikkje strødd når det snør. Vegen kan være glatt, men strøing har då liten effekt.

Volda kommune saltar ikkje vegane, men strør med strøgrus. Strøgrusen har iblanda litt salt. Dette for å hindre at sanden frys til og blir uhandterleg. Det er av omsyn til miljøet vi har valt å ikkje strø med salt.

Generelt

Brøytestikker er svært viktige for tryggleiken til brøytemannskapa og bilførarar generelt. Vi oppmodar om at brøytestikkene må få stå i fred.

Vis tolmod og køyr varsamt. Vær spesielt merksam på mjuke trafikantar!

 

Spørsmål og svar om vinterdrift av veg