Volda Blandakor fekk tildelt kulturprisen for 2024

Volda Blandakor fekk tildelt kulturprisen for 2024

Det er med stor glede og stoltheit at Volda kommune tildeler kulturprisen for 2024 til Volda Blandakor. 

Grunngjeving for Tildeling av Kulturprisen 2024 til Volda Blandakor

Denne prisen går til ei gruppe som gjennom si utrettelege innsats har vore ei sentral drivkraft i kulturlivet vårt i fleire generasjonar.

Anne-Margrethe Mo, Øyvind Lied og Kristina Bjørdal Kostopulos - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen delte ut kulturprisen 2024 til Volda Blandakor, her ved leiar Anne-Margrethe Mo og dirigent Øyvind Lied Volda kommune

Volda Blandakor har vore ein viktig kulturinstitusjon sidan oppstarten i 1874. I år markerer koret sitt 150-årsjubileum, og deira kontinuerlege engasjement og aktive deltaking har hatt enorm verdi for kulturlivet i Volda. Koret er det eldste blandakoret i landet med lengst kontinuerleg drift. Dei har halde konsertar og tilstellingar, vitja institusjonar, og delteke på arrangement i regi av andre aktørar. Dette vitnar om eit stort hjarte for å spreie songgleda og skape samhald i lokalsamfunnet.

Som Frode Følling Birkeland skreiv i Voldaminne i 2000: «Møre og Romsdal er eit korfylke, og Volda er ei korbygd. Tradisjonen er både lang og levande».

I dag har Volda Blandakor 27 medlemmar, fleire har vore med i 30 og 40 år. Deira evne til å stå saman over tid er eit prov på dedikasjonen og lidenskapen for song og kultur. I jubileumsåret arrangerer koret fleire aktivitetar, mellom anna eit stort songarstemne i Volda med besøkande kor frå heile regionen. Stemnet er ikkje berre ei hyllest til deira eigen innsats, men også ei feiring av kortradisjonen i heile distriktet.

Gjennom historia har Volda Blandakor ikkje berre arrangert stemner, men også vore viktige aktørar i større kulturelle samanhengar. Alt i 1889 arrangerte dei sitt første stemne, og sidan den gong har dei vore sentrale i å fremje kortradisjonen på Sunnmøre. Koret har også skapt glede for born, ungdom, funksjonshemma og eldre gjennom sine vitjingar på institusjonar.

Under dirigent Øyvind Lied si leiing har koret vidareført den stolte tradisjonen som lærar og klokkar Lars Johannes I. Langstrand starta for 150 år sidan. Gjennom Lied si leiing har koret ikkje berre oppretthalde høg musikalsk kvalitet, men også vist ei evne til å formidle og marknadsføre kulturen vår, både innanfor og utanfor kommunegrensene.

Volda Blandakor representerer det beste av kva kulturarbeid kan vere. Dei viser oss kva lang og tru teneste, mangfald, kvalitet og engasjement kan oppnå. Koret har skapt eit samhald og eit fellesskap som har gjort Volda og dei mange som har fått glede av deira song rikare.

På vegne av Volda kommune gratulerer vi Volda Blandakor med kulturprisen for 2024. Dei er verkeleg ein verdig vinnar. Vi takkar dykk for den fantastiske innsatsen og ser fram til mange fleire år med vakker song og inspirerande kulturarbeid.

Anne-Margrethe Mo, Øyvind Lied og Kristina Bjørdal Kostopulos - Klikk for stort bileteVolda Blandakor ved leiar Anne-Margrethe Mo og dirigent Øyvind Lied saman med leiar kultur Kristina Bjørdal Kostopoulos. Volda kommune

Gratulerer så mykje!