Volda får digitalt ledsagerbevis

Volda får digitalt ledsagerbevis

No blir kvardagen enklare for deg som treng ledsagerbevis/følgekort.

Digitalt ledsagerbevis - Klikk for stort bileteNo får du som er ledsager beviset lett tilgjengeleg på telefon KS

Volda kommune blir med på den nasjonale løysinga, slik at du som treng ledsager på arrangement får ledsagerbevis lett tilgjengeleg på telefonen.

Fram til no har ledsagerbeviset vore eit fysisk og laminert kort i Volda kommune. Det er både gamaldags og upraktisk. 

 

Det er eit mål at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig og aktivt liv. Ledsagerbevis er eit tiltak for å nå det målet. 

– Digitalisering er viktig for å auke kvaliteten på tenestene, og gjere dei meir tilgjengelege for brukarane. Digitalt ledsagerbevis gir ein fleksibel tilgang for innbyggarane og ein enklare digital arbeidsprosess for tilsette, som no også slepp lamineringsjobben med å lage fysiske kort.

Digitalt ledsagerbevis er ei løysning som er utvikla av KS, for å bytte ut fysiske kort med digitale bevis som er tilgjengeleg på brukaren sin telefon. 

Dersom du allereie har ledsagerbevis og ønsker den digitale løysninga, kan du ta kontakt med servicekontoret i Volda kommune. Stormyra 2,  på tlf. 70 05 87 0. Vi har ope frå kl 0900-1500 mandag til fredag.

Søknadsskjema for følgekort 

Kontakt

Gunhild Lid
sekretær
E-post
Bente Kristin Krøvel
konsulent
E-post
Telefon 70 05 88 87