IKA Møre og Romsdal IKS har sidan 2018 tilbydd eigarane sine personvernombodsteneste. I dag er 22 kommunar i tillegg til fylkeskommunen mottakar av tenesta.
I grunngjevinga for at Volda kommune fekk prisen vart det blant anna at øvste leiing i kommunen forstår viktigheita av at arbeidet med personvern er godt implementert i heile organisasjonen. Dette avspeglar seg i ressursar og prioriteringar som kommunen vel å bruke på feltet.
Personvernordninga ved Interkommunalt arkiv si grunngjeving legg også vekt på at personvern er inkludert som tema i leiar- og avdelingsmøter, og kommunen har personvernressursar ute i einingane, noko som både effektiviserer arbeidet og som bidreg til at tilsette jobbar bevisst på at dei har eit ansvar, skriv IKA Møre og Romsdal.
Personvern er godt integrert i tidlegare etablerte rutinar og system for eigenkontroll, sikkerheitsrevisjonar og ulike risikoanalysar og der det er behov er det etablert nye eigne rutinar på personvernfeltet (internkontrollsystem). Volda er opptatt av å skape ein god sikkerheitskultur der det vert jobba kontinuerleg med opplæring og bevisstgjering, og personvernombodet vert involvert i spørsmål som gjeld vern av personopplysningar. Kommunen har også lagt til rette for at dei registrerte kan kontakte personvernombodet om alle dei spørsmål om behandling av deira sine personopplysningar og om utøving av dei rettar dei har etter personvernforordninga, mellom anna ved at kontaktopplysningar er gjort tilgjengeleg på kommunens nettsider og intranett.