Volda kommune har styrka ergoterapitenesta

Volda kommune har styrka ergoterapitenesta

I Volda kommune har vi fått fleire dyktige ergoterapeutar med på laget.

Oddhild Bjåstad har vore i kommunen som vikar i ei periode, og har no fått 100 % fast stilling som ergoterapeut i seksjon førebygging og rehabilitering. Ho skal i all hovudsakleg jobbe med pasientar på Klokkarstova, og i overgangen til heim. Klokkarstova er ei korttidsavdeling på Volda omsorgssenter.

Mari Skogstad starta i eit 80% vikariat i januar og har vikariat ut året i første omgang. Mari skal ha heile Volda kommune som nedslagsfelt i si stilling. Ho er vikar for ergoterapeut Karianne Sveen Orvik som for tida jobbar som prosjektleiar i Velferdsteknologi og i tillegg er ein del av Volda kommune sitt demensteam. Saman med desse har vi Inger Anne Brevik som har jobba som ergoterapeut i kommunen i fleire år.

Ergoterapi ei lovpålagt teneste

Nytt frå 2020 er at ergoterapi er ein del av dei lovpålagde tenestene på lik linje med mellom anna fysioterapi.

Om du lurer på kva ein ergoterapeut arbeidar med, så kan du ta ein kikk på sida om ergoterapitenesta. Der står også kontaktinformasjon til den enkelte terapeut om du skulle ha behov for det.