Volda kommune har tilsett barnekoordinator

Volda kommune har tilsett barnekoordinator

Janette Kobbevik Mikalsen smiler frå sitt nye kontor på omsorgssenteret i Volda. - Klikk for stort bilete Ingunn Gjengedal

Janette Kobbevik Mikalsen er tilsett som barnekoordinator i Volda kommune. Ho tok til i stillinga 14 august.

Janette bur i Volda, er utdanna barnevernspedagog, og kjem frå stilling som rådgjevar i Bufetat.

Stillinga som barnekoordinator er ei nyoppretta stilling, der målsettinga er å sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbod rundt eit barn.

Familiar med barn som har behov for langvarige og samansette helse-, omsorg-, og velferdstenester her rett til barnekoordinator.

Stillinga er organisert i sektor helse og omsorg, forvaltningskontor. Funksjonen som barnekoordinator er ein del av koordinerande eining, som mellom anna har ansvar for å oppnemne barnekoordinator/koordinator og individuell plan.

Vi ynskjer Janette velkomen til Volda kommune.