Malvik har dei siste åra budd i Bergen der ho har arbeidd med dans og teater. Ho har blant anna koreografert Cenerentola ved Bergen Nasjonale Opera, arbeidd med Frontlosjefestivalen og har hatt styreverv i Norsk Fagråd for musikk, dans og drama. Dei siste åra har Malvik arbeidd som faglærar på dans- og dramalinja på Langhaugen, og ho har undervist i dans og teater ved dramalinja på Fyllingsdalen vidaregåande skule.
Oppgåvene til prosjektleiaren
Som prosjektleiar i kulturavdelinga skal Malvik leie samarbeidsprosjekt og tiltak som skal legge til rette for auka sosialt entreprenørskap og auka aktivitet innan kulturfeltet.
Malvik vil vere ein del av kommunen si satsing på å etablere relevante nettverk, medverke til samarbeid og samskaping på tvers av fagområde og tradisjonelle skiljelinjer og utvikle nye løysingar til beste for innbyggjarane.
Organisatorisk er stillinga plassert i kulturavdelinga som ligg under sektor samfunnsutvikling.
Malvik skal jobbe for ein velutvikla kulturell infrastruktur der kunst- og kulturlivet blir skapt for, av og med innbyggjarane. Tilskot til festivalar og arrangement er ein del av det av dette arbeidet. For å skape samhald og fellesskapskjensle har kulturavdelinga i kommunen ei sentral rolle når Volda skal nå sine berekraftsmål.
Malvik seier at ho er glad for å få moglegheita til å vidareutvikle kunst- og kulturlivet i Volda og ser fram til ein spennande haust i ny jobb.
Vi ønsker Line Malvik velkomen til Volda kommune og lykke til i med dei nye oppgåvene!