Volda kommune ønsker god dialog om planlegging av symjeanlegg

Volda kommune ønsker god dialog om planlegging av symjeanlegg

Den kommunale byggenemnda har fått i mandat å planleggje symjeanlegg. No har nemnda vedteke å utgreie fire alternativ.

Før helga inviterte Volda kommune interessegruppa for Folkebad til eit samarbeid. Måndag har byggenemnda vedteke å utgreie fire alternativ, der også innspela frå interessegruppa for Folkebadet vert innarbeidd.

Kommunestyret har gitt byggenemnda i mandat å planleggje symjeanlegg som skal byggast som kommunalt prosjekt.

Symjeanlegg og ny ungdomsskule er dei to store investeringsprosjekta i økonomiplanen dei komande fire åra, ein investeringsplan som samla sett er på ein halv milliard kroner, og som føreset at kommunen gjer innsparingar på opp mot 50 millionar for å gjere investeringane moglege.

Byggenemnda skulle i møtet ta stilling til alternativ for utgreiing av romprogram. Etter at sakspapira var utsendt, fekk nemnda oversendt innspel frå interessegruppa for Folkebad.

Byggenemnda vedtok kommunedirektøren si tilråding med eit tillegg.

Kommunedirektøren si tilråding

Tilrådinga frå kommunedirektøren var å greie ut fire alternative romprogram for ny symjehall med tilhøyrande planskisser og grovkalkyler for kvart alternativ.

I saka la og kommunedirektøren til grunn at ein saman med arkitektar og rådgjevarar skal vurdere om alternativa kan gjennomførast innafor det regulerte arealet til symjehall.

Alternativa 1, 2A og 2B skal halde seg innanfor reguleringsplanen sine byggegrenser og alternativ 3 skal utformast så arealeffektivt som mogleg, men skal oppfylle arealbehovet som er vist under alternativ 3.

Kommunedirektøren vil legge fram alle alternativ for byggenemnda når desse er utgreidd før det går vidare til formannskap og kommunestyre som tek endeleg avgjerd i saka.

Behandlinga i byggenemnda

I behandlinga av saka i byggenemnda vart det lagt fram eit framlegg for votering i tillegg til kommunedirektøren si tilråding:

  • Byggenemnda er orientert om skisseprosjektet interessegruppa for Voldabadet har laga.
  • Byggenemnda er positive til engasjement og vil ha ein god dialog med alle brukargrupper for ny symjehall.
  • Byggenemnda ber om at administrasjonen innarbeider innspel frå interessegruppa for Voldabadet i alternativ 3.

Tilrådinga frå administrasjonen og framlegget vart samrøystes vedteke. Saka går no til administrasjonen for vidare utgreiing.

Kontakt

For ytterlegare kommentarar i saka, kan ordførar i Volda kommune og leiar i den kommunale byggenemnda kontaktast.

Ordførar
Sølvi Dimmen
Tlf. 99 62 78 76

Leiar, byggenemnd
Jan Henning Egset
Tlf. 90 66 32 24

Alternativ til ny symjehall

Alternativ 1

Basseng

  • Treningsbasseng 25x12,5 m 6 baner a 2 m, med naudsynt areal rund basseng Opplæringsbasseng 12,5 x 8m, med naudsynt areal rundt basseng
  • Rullestolrampe til opplæringsbasseng
  • Sikkerheit/overvakingsutstyr

Garderobe

  • Garderobe herrar, 7 dusjar, 20 garderobeskap 40 cm, 1 Hwc
  • Garderobe damer, 7 dusjar, 20 garderobeskap 40 cm, 1 Hwc
  • Trenargarderobe herre
  • Trenargarderobe dame
  • HC/familiegarderobe med wc tilknytt herregarderobe
  • HC/familiegarderobe med wc tilknytt damegarderobe
  • Kjønnsnøytral garderobe dimensjonert for ein person tilknytt herregarderobe
  • Kjønnsnøytral garderobe dimensjonert for ein person tilknytt damegarderobe

Andre rom og funksjonar

  • Lager for utstyr til skulane
  • Lager for utstyr til andre
  • Sauna
  • Vaktrom
  • Heis
  • Trapp
  • Kommunikasjonsareal
  • Teknisk rom i underetasje ca 900 m2
Alternativ 2 (A og B)

Alternativ 2A

Som alternativ 1 med desse tillegga:

Basseng

  • Stupanlegg 1 m svikt og 3 m fast i treningsbasseng
  • Startpallar ved stupinstallasjon

Andre rom og funksjonar

  • Kiosk
  • Kafeareal
  • Teknisk rom i underetasje ca 1100 m2
  • Andre trivselsfunksjonar dersom det er plass, t.d. plaskebasseng, jacussi eller liknande.

Alternativ 2B:

Som alternativ 1 og 2A med denne endringa for stup:

  • Stupanlegg 1 og 3 m svikt og 5 m fast i treningsbasseng
Alternativ 3

Som alternativ  2B med denne endringa på treningsbasseng, garderober og rom funksjonar:

Basseng

  • Treningsbasseng 25 X 15,5 m 6 baner a 2,5 m, med naudsynt areal rund basseng (ikkje tilskot)
  • Tribuneareal for 250 personar ved treningsbassenget

Garderobe

  • Garderobe herrar, 12 dusjar, 48 garderobeskap, 1 Hwc
  • Garderobe damer, 12 dusjar, 48 garderobeskap, 1 Hwc
  • Trenargarderobe herre, 6 dusjar, 24 garderobeskap, 1 Hwc
  • Trenargarderobe dame, 6 dusjar, 24 garderobeskap, 1 Hwc

Andre rom og funksjonar

  • Sekretæriat/vaktrom (konkurransekrav)
  • Rom for maskinskriving/trykking (konkurransekrav) kan kanskje leggast i idrettshallen
  • Komiterom (konkurransekrav) Kan kanskje leggast i idrettshallen
  • Rekvisitarom (konkurransekrav)
  • Oppbevaringsrom for utstyr til symjeklubben
  • Kjøkken

Kontakt

Sølvi Dimmen
ordførar
E-post
Mobil 99 62 78 76
PPT