Volda kommune på topp tre i verksemdstyring

Volda kommune på topp tre i verksemdstyring

På den nasjonale Framsiktkonferansen i Oslo i dag vart Sandefjord kommune kåra som den beste. Dei tre nominerte var Volda, Horten og Sandefjord. 

Finalistane Bertine Myhre (økonomisjef i Horten kommune), Bjørn Gudbjørgsrud (kommunedirektør i Sandefjord kommune) og kommuneplanleggjar Regine Solberg Aklestad (kommuneplanleggjar i Volda kommune smilet til fotografen. - Klikk for stort bileteRepresentantar frå dei nominerte kommunane, f.v.: Bertine Myhre (økonomisjef i Horten kommune), Bjørn Gudbjørgsrud (kommunedirektør i Sandefjord kommune) og kommuneplanleggjar Regine Solberg Aklestad (kommuneplanleggjar i Volda kommune. Ujent

 

Juryen har evaluert 309 kommunar etter 33 kriterium ved studering av tre dokument frå kvar kommune:

  • Kommuneplanen sin samfunnsdel (med tilhøyrande arealdel)
  • Handlings- og økonomiplanen (2022 – 2025 versjonen)
  • Årsrapporten (årsmelding og årsrekneskap) 2022 versjonen

 

Juryen legg til grunn denne definisjonen av heilskapleg verksemdstyring:

«Virksomhetsstyring er summen av de strukturene, verktøyene og prosessene, som organisasjonen bruker til planlegging, gjennomføring og oppfølging av virksomhetens aktiviteter, for å bidra til realiseringen av kommunens visjon, verdier, mål og strategier».

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har sagt at ein oppdatert kommuneplan er ein føresetnad for god politisk styring av ei kommune. Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at det var viktig å få på plass ein ny kommuneplan da vi vart ny kommune, og det har vore jobba systematisk med å få ein raud tråd frå dei overordna måla gjennom økonomiplan og årsbudsjett, samt at vi i administrasjonen systematisk følgjer opp gjennom leiing og rapportering av målsettingane faktisk vert nådd. Det vert jobba med gode system og kulturen i organisjonen for å verte betre kvart år som går. Suksessfaktorane til Volda kommune er eit godt samarbeid mellom politisk og administrativt nivå, at vi torer å prøve ut nye ting og at vi har svært god kompetanse i organisasjonen vår, seier Rune Sjurgard.

 

Du kan lese meir om denne kåringa ved å følgje lenka:

https://framsikt.no/blogg/dette-er-finalistene-i-karingen-av-fagprisen-norges-beste-rode-trad/