Volda kommune står utan kommuneoverlege

Volda kommune står utan kommuneoverlege

Pixabay.com-Darko Stojanovic

For tida er det ikkje nokon som har kommuneoverlegefunksjonen i Volda kommune.

Kommuneoverlegen slutta 18. juni. Stillinga har vore utlyst to gongar. Det vert arbeidd med å rekruttere ny kommuneoverlege, og kommunen håpar å ha på plass denne funksjonen etter ferien. Det er dessverre fleire kommunar som står utan fast kommuneoverlege og slit med å dekkje opp denne kompetansen.

Inntil vidare vert dei mest grunnleggjande oppgåvene knytt til smittevern og koronasituasjonen fordelt på fleire legar. Andre oppgåver som kan vente, må vi i denne situasjonen berre vise til at vi ikkje kan prioritere. Dette er sjølvsagt ikkje ynskeleg og vi ber om forståing for at vi må ha ei streng prioritering fram til vi finn ei løysing på situasjonen.