Voldafestivalen 1. juni

Voldafestivalen 1. juni

Laurdag 1. juni er det igjen duka for Voldafestivalen. Det er elevar og tilsette ved Volda læringssenter som arrangerer denne festivalen. 

Målet med festivalen er å skape ein møteplass der ein kan få innblikk i det kulturelle mangfaldet som finst her i Volda. 

På Volda læringssenter har vi elevar frå mange ulike nasjonar, og denne dagen kan du smake nydelege rettar frå land som Eritrea, Sudan, Ukraina, Syria, Kongo, Australia og Afghanistan. Det vert også mogleg å få hennamaling, du kan lage din eigen drage, kjøpe plantar dyrka frem av elevar, sjå og kjøpe trekunst og mykje meir.

Tidlegare år har det vore mykje folk innom festivalområdet og vi håpar at så mange som mogleg tek turen for å oppleve litt av mangfaldet vi har i bygda vår i år også.


Arrangementet blir på Sivert Aarflotplass ved sidan av Cubus og matsalet startar klokka 11.00. Arrangementet er ferdig klokka 14.00, men det kan vere lurt å kome tidleg om du vil kjøpe mat.
 

Du kan betale med vipps!


Alle er hjarteleg velkomne!


Beste helsing Volda læringssenter