Barselbiblioteket er ope!

Vi har kome i gang med dei første måndagane med barselbibliotek, og gler oss over at folk vel å kome og tilbringe tid med borna sine på biblioteket.

På Volda folkebibliotek vil det vere barseltreff på måndagar mellom klokka 10 og 12. Vi ønsker å lage eit rom for alle som er i permisjon, der foreldre kan møtast og utveksle erfaringar, eller berre ha ein stad å vere. Somme måndagar vil det også vere representantar frå helsestasjonen som vil prate om ulike tema, og andre gongar vil Nynorsksenteret kome og fortelje oss om gleden og fordelane ved å lese for dei minste. 

 

Enn så lenge er datoane for besøk frå nynorsksenteret:

21. oktober - Om lesing med dei minste

18. november - Om lesing med dei minste

2. desember - Presentasjon av nynorske bøker for dei minste

 

Vi kjem med oppdateringar når datoar for besøk frå helsestasjonen er på plass.