Kick-off Sommarles 2024

Laurdag 1. juni inviterer Volda folkebibliotek til kick-off for årets kjekkaste lesekampanje: Sommarles!

Klokka 13.00 kjem Sunniva Relling Berg til å lese frå boka si Soldagen i samband med førespel til Festspela i Aasentunet! Lenkje til denne delen av arrangementet finn de her: https://nynorsk.no/aasentunet/arrangement/forespel-forfattarbesok-med-sunniva-relling-berg/ 

Ca 14.00 kjem vi til å vise årets promovideo for sommarles! Det blir deretter utlodding av tidlegare sommarlespremiar med lykkehjul, og ein kan også endeleg få sjå kva som blir premieutvalet til årets kampanje!

Ein kan også nytte dagen til å få hjelp til å opprette brukar, og ikkje minst låne med seg bøker heim ❤ 

Meir informasjon om lesekampanjen finn de her: https://altom.sommerles.no/ 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Aasentunet og Volda folkebibliotek.