Lån ein volding

Lån ein volding er ein lågterskel møteplass for å praktisere norsk språk, og det er samling her på biblioteket kvar laurdag! Oppstart denne våren er 1. februar.

Alle som skal lære eit språk treng nokon å praktisere det med. Frivilligsentralen i Volda driv, i samarbeid med Volda folkebibliotek, "Lån ein volding".  Alle som er trygge i munnleg norsk språk har noko å bidra med her!

Møt opp på Volda folkebibliotek laurdagar klokka 12:00 - 13:00. Kaffi har vi sjølvsagt! Det varierer kor mange som møter, kva som er aktuelt tema, og om vi snakkar ein til ein eller i grupper. Kanskje kan ein også gå ein tur, eller gå på kafe ilag? Møteplassen og praten er det viktigaste.

Kan du tenkje deg å stille som volding til utlån? Gå inn på frivillig.no for å melde di interesse eller ta kontakt med Volda folkebibliotek på biblioteket@volda.kommune.no.