Boka Skygge-Baldur (2003) av den islandske forfattaren Sjón blir lest samtidig høgt 2000 ulike stader i Norden og Baltikum måndag 11.11. På alle dei nordiske og baltiske språka.
Det er 80 år sidan Island vart eigen republikk etter 1000 år under Norge og Danmark. Men islandsk litteratur har vore ein fellesnordisk kulturskatt sidan skaldediktinga, sagaene og Snorre.
Kvart år arrangerer Foreininga Norden felles lesekveld rundt felles tekstar omsett til alle språka. Her i Volda vil dei ulike kapitla bli lest på islandsk, svensk, estisk, finsk, dansk og norsk.
Det overordna temaet for årets arrangement er Friheit. Boka Skygge-Baldur er basert på islandske mytar og er inspirert av ættesagaene i forma.
Sjón (Sigurjón Birgir Sigurðsson, fødd 1962) er ein markant islandsk kunstnar som har arbeidd innafor mange kunstuttrykk. Han har skrive tekstar til fleire av Björk sine songar, mellom anna ‘I’ve Seen It All’ som var nominert både til Golden Globe og Oscar for beste song. Den var den sentrale songen i Lars von Triers Oscarvinnar ‘Dancer in the Dark’ (2000).
Sjón er mest kjend som forfattar. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris for Skygge-Baldur.
I tillegg til opplesingane vil teksten bli sett i ei ramme av islandsk kultur, historie og samfunn.
Velkommen til ei unik oppleving av nordisk litteratur, språk og fellesskap på biblioteket i Volda på måndag.
Ørsta-Volda lokallag av Foreininga Norden
Du kan lese meir om Nordisk litteraturveke her.