Siste sprek på nett for sesongen

Fredag 28. juni vert det siste samling med Sprek på nett for denne gong. Vi serverer som vanleg noko å bite i til kaffien, og denne dagen blir det også noko ekstra godt attåt.

 

Vi vil takke alle som har bidrege til å gjere dette til ein trygg og lærerik møtestad, og håper på å sjå mange her til "sesongavslutninga" på fredag. Vel møtt!

 

Om sprek på nett: 

Lær mellom anna grunnleggjande databruk og nyttige appar til telefon/nettbrett. Kvar samling tek for seg ulike tema, og ein kan kome med ynskje til tema undervegs. Det er heilt uforpliktande, og ein treng ikkje melde seg på. 

Ein må ta med eige utstyr (PC/MAC, nettbrett eller mobiltelefon).