Sommarles 2024

1.juni byrjar den årlege lesekampanjen sommarles! 

Snart brakar det laust! Sommarles 2024 opnar 1. juni og ein kan då gå inn på sommarles.no og registrere seg. Når ein legg inn det ein har lest/lytta til sankar ein poeng, og ved ulike “levels” kan ein kome til biblioteket for å hente premiar! I Volda kan ein hente premiar til og med level 50.  Born i 1. - 7. klasse kan delta i lesekampanjen, og dette inkluderer born som skal byrje i 1. klasse til hausten.